hits

november 2015

"Julerull, rullejul, engler daler ned i skjul"





Som mange andre har eg eit godt forhold til jul og advent, men i år kom det litt brått på. Einaste teiknet på jul her i huset er julebrus og julemarsipan i kjøleskapet. Resten, meg inkludert, har enda ikkje inntatt pinnekjøttmodus og er pynta for årets glitterfest. Sann gjekk det denne jula, vertfall enn så lenge. Men ein juletradisjon vil eg ikkje gå glipp av.

Julekalender. Eg har hatt mange ulike variantar av nedtellinga. Den gode heimelaga pakkekalenderen, barnetv-kalenderen som eg opna saman med resten av Noreg, flaxdskalenderen, eg aldri har vunne meir enn 50 kroner på og aldri tatt ut premien, kjærestejulekalenderen eg fikk det året vi fylte 18, det vart vel med den eine gongen, men moro lell. I fjor hadde eg ein ny variant, inspirert av Jenny Skavlan sin Phulekalender og laga min eigen «eit plagg ? 24 variantar», (den ligg på Instagram om du vil sjå).

Sjølv om eg bikka kvartlivskrisa synes eg framleis det er litt ekstra stas med desember og «at englane skal dale ned i skjul». For å korte ned ventetida driv eg no å laga årets julekalendar, for det er enda ikkje for seint.

Jula er ei tid for å gje. Kva er vel betre og meir verdifult enn kvalitetstid og hyggelege merksemder? Eg skal derfor lage meg ein aktivitetsjulekaledar. «Lukene» blir å gjere noko kjekt saman med andre, for meg sjølv og/eller overraske nokon kvar dag fram mot juleaftan. Nokre av tinga på lista hadde eg gjort uansett, men det er ekstra kjekt dersom ein kallar det for ein julekalendar.

Her er nokre forslag til kva aktivitetar eg skal ha med:

Lag eit personleg julekort (denne kan ein ha fleire dagar) Planlegg juleverkstad Inviter venner på juleverkstad Bak julekaker Lag pepperkakehus Gå ein lang tur Pakke inn julegåver Ring nokon du saknar og det er lenge sidan du har snakka med Send ei hyggelig julemelding Ta med noko ekstra godt på venninekveld eller jobb Skru av omverden og høyr på favoritt-julemusikken Gje eit smil til nokon ein ikkje kjenner Del ein sjokolade med din beste venn

Har du fleire forslag? Kva er ditt forhold til julekalendar og korleis blir årets nedtelling?

Håpar du får ein strålande fin desember!

"Sjangala, bangala"

Splitter gamalt!

Etter 4 månadar i pappkasser har vi kome oss vel i hus.

Livet som nomade har gjeve meg mange koffertopplevingar, men kan ikkje anbefalast.


Vi har flytta inn og held på å gje huset vårt sin eigen stil
 

Dei siste månadane har eg budd litt i ein hybel med Fjordland som dagens høgdepunkt. Tilbrigd stort sett alle helgene på jenterommet heime og hatt alt eg treng i ein bag. Eg har følt meg som ein tenåring igjen med alle det inneber av positive og utfordrande sider. 

Ein følelse av dårleg samvit og litt småflau over tal kolli i flyttelasset bestemte vi oss for å gå på loftsjakt i staden for å kjøpe så mykje nytt til rekkehuset vårt. I stova har vi fått opp nokre gamle danske designstolar frå svigers, det gamle teakbordet som besteforeldra mine hadde i kjellarstova for nokre tiår sidan, dog med ein litt moderne vri, også den gamle stå-lampa i tre har funne vegen opp.

 

Tross gamalt og gale har eg også ein personlegdom som Ole Brumm, «Ja takk begge deler!». Vi kjøpte derfor både ny sofa, nytt teppe og lyspære. Det skal seiast at disse vart kjøpt kvar for deg, men sum av summarum passa dei ganske greitt ilag.

Det er lett å gå i fella med mykje snurrepupperier og ende opp med ein «pensjonist-look». Vi prøvde derfor å sprite opp kvardagen med lampebokstaven vi laga vi sjølv til bryllaupet og tre nye heimelaga bilde. Vi mala tre ark i ulike blåtonar og klipte ut bokstavar frå ulike magasin. Plasserte dei i tre rammer og vips, enda eit personleg preg.

Sjølv om vi ikkje har budd her lenge har møblane mange gode historier på lur. Spent på kva som skjer vidare.