hits

oktober 2015

På skattejakt

Ein treng ikkje alltid gå så langt for å finne bortgøymte skattar. Nostalgien og minna strøymde mot meg når eg gjekk på loftsjakt hjå besteforeldra mine i helga.


Lampa som hang i kjellarstova. Middagsbordet i eik som har dekka til tolv ved små og store feiringar. Stoffmønster frå 70-talet. Skrivepulten frå det glade 80-talet,som eg lånte og malte spygrønn då eg gjekk på vidaregåande. Den gamle symaskina som har sydd utallige sting og redda mange augeblikk. Det er mykje meir spennande med eit djupdykk på loftet enn å gå seg vill på Ikea.

Neste helg flyttar vi inn i vår nye heim. Eit rekkehus, perfekt å leike gøymsel i. Når vi utvida horisonten frå ei lita leilegheit til eit rekkehus må vi sjølvsagt ha meir husfyll. Dagens fangst på loftet skal få ein ny heim og vi skal lage fortsetjinga på historiene.

Vi er allereie i gang med å gjere gråstein om til gull.

Ein ekstra merksemd

Til bryllaupet laga eg ein liten handsydd merksemd til alle gjestane. Eit symbol på at vi satt stor pris på kvar og ein.


Eg sydde små blondeblomar med strier, satengstoff, silkeband, perler, sikkerhetsnåler/klemmer, nål, tråd og vintageblonder. Eg byrja med å klippe til delane og hadde fleire små boksar med ferdigklipte delar i. I eit halvt år var dette handarbeidet mitt og fast inventar i veska. Eg hadde boksen med meg i parken, i bilen, i senga på stovebordet, i sofaen og på flytur.

Det gjekk ikkje ein biltur utan at eg hadde laga nokre blondeblomster. Eg fikk heller ingen tilsnakk om at bilen var full av trådar og perler til ein kvar tid. Lenge leve «happy wife- happy life»-prinsippet.

 

Mansjettblomstrane

Mansjettblomstrane til menna er laga ved at eg klipte ei remse med sateng. Trokla rundt og stramma slik at det vart forma som ein blomst. Eg la deretter vintageblonder rundt og opprivne strier i midten. Vidare festa eg ei rektangelforma strie rundt. Tvinna silkeband rundt stilken og samstundes festa sikkerhetsnåla.

Blondeblomstrane

På blondeblomstrane til damene byrja eg med å trokla rundt ein sirkel i sateng, stramma til slik at det vart ein slags pose. Sydde ei perle i midten for at det skulle sjå ut som ein blome og sydde på blonder rundt. Eg avslutta med å feste ei klemme i ein liten sirkel med strie under blomstren.

 

Dersom du vil ha ei meir grundig forklaring er det berre å gje ein lyd.

Eg kan også prøve å ta nokre betre bilde når vi har fått rydda opp i bryllaupskassa vår. 

"Som seg hør og bør"

Eg burde stått opp tidlegare. Eg burde kanskje ikkje lagt ut det bildet. Eg burde ikkje ha ete den sjokoladen etter frukost. Eg burde tatt meg ein joggetur. Eg burde jobba litt meir no når eg først har fri.


Denne genseren kan du lage sjølv (aasegenseren). Berre sjå her!

Alle desse tankane har gått gjennom hovudet mitt siste timane. Tolka med lupe er dei ganske ironiske og tvetydige. Vrir eg om, var det veldig deilig å sove litt frampå. Eg var greitt fornøgd med bilde eg la ut. Sjokoladen smakte veldig godt. Joggeturen kan eg alltids ta igjen. Det er digg med litt fri når eg har ferie. Men det er lettare sagt enn gjort.

Eg har tatt meg sjølv i å bli eit burde-menneske. I dei siste månadane har det gått sport i det. «Styggen på ryggen» har ikkje alltid rett, men det er vanskeleg å ikkje høyre på han når ein bør gjere både ditt og tatt. Det er veldig dumt at eg går glipp av mange fine studer fordi eg «burde.burde» eller enda verre berre fordi tankane mine flyg i fei retning. Om du er som meg er dette lettare sagt enn gjort, men det skadar ikkje å prøve.

No skal eg ta ein «tigergutt» dei neste dagane. Hoppe rundt og ta det slik som det kjem på min veg. Sjå muligheiter, samle fine augeblikk og prøve å ikkje tenke på "burde".

Dessutan, tygg på ordet "burde", det gjev inga meining... 

Kjenner du deg igjen?

 

Håpar du får ei flott "tigergutt-helg"!

Those were the days

I min barndomsheim blir det spart på alt frå leikar, sekkar, bøker og kle.

Denne veka har eg tatt eit djupdykk i snurrepupperier frå mi «storhetstid». Alt frå Umbrojakka eg kjøpte til musikkleir i 2000, Mudd-buksa eg brukte første skuledag på vidaregåande og dei kvite skinnstilettstøvlettane eg kjøpte på jentetur til hovudstaden med buss.

Vi fann raskt ut at vi ikkje kunne spare på alt. Etter eit svalestup i minner måtte eg ta nokre avgjerande val. Heldigvis kan det hende at andre får nytte av kleda no når dei er sendt til Fretex. 


I tillegg til kle har vi mange gamle leikar på loftet. Eg synes det er litt for gale at så mange minner skal ligge og støve ned i kasser. Valte derfor å spraye nokre av dei med malingspray.

Her kan ein velje sjølv kva farge og strukur ein ynskjer. Litt nytt og litt gammalt er ofte ein god kombinasjon.

#aasegenseren

I haust har eg og mamma hatt eit strikkeprosjekt på gang. Det heile starta med ei teikning og ynskje om ein spesiell genser.

Inspirera av både skappelgenseren og linelangmogenseren laga vi oss ein aasegenser.



 Her er oppskrifta under, ¨Du finn den også som pdf-fil her (dersom du vil skrive den ut).

Hadde vore veldig kjekt om du likte gensaren og laga den. Klart du klara det!

Eg hjelp deg gjerne til undervegs! Ta kontakt her eller på instagram @annemalinaase.

 

#Aasegenseren

Du treng:

5 nøste, i valfri farge, Kid-mohair, Annabelle (eller tilsvarande)

2 nøste gulltråd Lana Stop Chicago

(eller tilsvarande)

Rundpinne nr 5 (strikkefasthet 13 masker 10 cm)

Armane:

Legg opp 40 masker. Strikk 2 rett og 2 vrang (vrangbord), 4 cm. Hald fram med rett rundt og rundt (glattstrikk) til arma måler 50 cm (eller ynskja lengde). NB! Auk med to maske etter kvar 5. cm slik du har 60 masker når arma er ferdig. Bytt til gulltråd og strikk 6 omgangar med vrang i gull (3 riller med ribbestrikk). Fell av.

Bak og fram-stykket

Legg opp 140 masker. Strikk 2 rett og 2 vrang (vrangbord) i 4 cm. Hald fram med å strikke rett, rundt og rundt (glattstrikk) til arbeidet måler 35 cm (eller ynskja lengde). Bytt til gull og strikk to omgangar med vrangstrikk (rillestrikk). Set eit merke med sikkerhetsnål (eller anna) ved «maske 1» og «maske 70» for å dele arbeidet i to - fram og bak-stykket.

Bakstykket øvre del:

La «framstykket» vente enten på ein anna strikkepinne eller stor sikkerhetnål og gjer ferdig bakstykket. Fell inn 2 masker «under arma» dvs. strikk to og to masker saman). Strikk rettstrikk fell inn dei to siste maskene «under den andre arma». Hald fram med rettsrikk i gullgarn, 66 masker, (rillestrikk) i 15 cm (26 riller/52 omgangar). Når du er ferdig skal heile bakstykket måle ca. 50 cm. Fell av.

 

Framstykket øvre del:

NB! Du skal strikke kvar side av V-halsen kvar for seg.

Finn framstykket og fell inn 2 masker «under armen» (dvs. strikk to og to masker saman). Strikk 32 masker rettstrikk fell 1 maske, du er no komen til midten av framstykket og er i gang med V-halsen. Snu arbeidet og strikk rett tilbake.

Strikk fram og tilbake med rettstrikk (riller). Fell kvar fjerde omgang mot midten (ta av første maske og strikk saman maske 2 og 3). Hald fram med dette til du har 21 masker igjen og strikk vidare til du har 15 cm (26 riller/52 omgangar).

Gjer det same med motsett side av V-halsen.

 



Sy saman skuldrane og sy på armane med gulltråd.

 

Lykke til!

-Anne-Malin-

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!

Vis meg gjerne det ferdige resultatet!