hits

september 2015

Klart du kan!

Eg er fanga i garnet og rusa på stoff, men eg kjem ikkje til å oppsøke avrusing eller unngå den raude tråden av den grunn.



Bestemor mi sydde stort sett alle kleda til døtrene sine. Alt frå festkjolar til ull-truse var heimelaga og av god kvalitet. Kvart plagg hadde ei historie allereie før dei var brukt. Mommom gjorde det fordi det ikkje var så mange alternativ. Sy og strikking var stort sett det rimelegaste valet før i tida.

No er leiken annleis og kle er blitt til masseprodusert forbruksvarer. Kle er blitt veldig billeg. Langt billegare enn garn, pinnar og stoff. Kanskje noko var betre før?

Mange av mine venner assosiera symaskin med traumatiske kunstlærarar, symaskinsertifikat på papir eller håplause undertrådar. Strikking blir sett på som altfor avansert, tidkrevjande og håplaust. «Det får eg aldri til!», «Kjekt for deg som kan det» går ofte igjen i min omgangskrets. Eg bruka å seie at alle kan. Ein treng ikkje vere verdsmeister i alt. Prøv, feil og prøv igjen. Det fine med det ein laga sjølv er at berre du sit på fasiten.

Sjølvgjort er velgjort, si.

Det er lite som kan samanliknast med heimelaga plagg. Plagg ingen i heile verda har heilt lik. Plagg det ligg kjærleik, frustrasjon og omsorg bak. Plagg med unike historia. Plagg du kan velje korleis det skal bli.


«Takk, eg har laga den sjølv». Anbefalast!

I helga legg eg ut oppskrifta på min eigen favorittgenser for tida. Og ja, kjekt om den blir ditt første heimelaga plagg.

Har du laga noko du er ekstra fornøgd med? Del gjerne og kommenter under!

Ein lys idè!

Eit par veke før bryllaupet skrolla eg over eit instagrambilde av nokre lysande bokstavar. Eg fikk ein strålande idè og når den store dagen kom pynta store gullbokstavar i tre lokalet vårt.

 

Slik ser det ut i uthuset vårt 8 veker etter bryllaupet. Om nokre veker skal du få sjå korleis dei pynta opp på dagen.  

 Om vi visste kor mykje jobb det var trur eg vi hadde utsett prosjektet, med etter mange arbeidstimar sat vi veldig fornøgde igjen.

 Det var den "ultimate" forholdstesten. Fleire andre punkt stod på "to do"-lista og dette var eit millimeterprosjekt som trengte mykje planlegging, måling, vinkelrekning, pussing, grunning og tenking.



Slik gjorde vi det:

Vi kjøpte inn ei kryssfinerplate på 1.20 x 2.40.

Målte og teikna opp bokstavane på plata

Skar ut bokstavane med stikksag

Skar ut lange plankar med 8 cm breidde

Målte opp til vinklane og tilpassa kantane på bokstavsidene

Spikra kantane fast

Runda av kantane

Sparkla og pussa

Sparkla og pussa...

Laga hol til lyslenka (kjøpt på Ikea)

Sparkla og pussa

Spraya bokstavane i gull

Festa lysa.

 

Disse skal få ein heilt spesiell plass i huset når vi flyttar.

Kva synes du? Har du andre kreative idear? Del gjerne under!

Strikkeri-strikkera

Haust er for meg synonymt med strikk. Eg har ikkje eit skjult talent med sprettert, men eg er heilt ok med pinnar og garn.


 Ein del av meg har alltid vore i pensjonist-modus. Eg sett alltid i gang med eit nytt strikkeprosjekt om hausten, sjølv om eg ikkje alltid kjem i mål. Det er lite som slår ein roleg kveld under pleddet, med kakao og strikk.

I haust har eg prøvd meg på noko nytt. Eg har designa min eigen strikkegensar.

"Det har eg ikkje gjort før, så det klarar eg sikkert".

Med god hjelp frå mamma har vi snart fått den ut i liv. Tidleg i haust teikna eg nokre skisser på ein strikkegensar eg kunne tenkt meg. Litt vid, men ikkje for vid. Halvegs baggy, men utan å drukne. V-hals og litt gull. Akkurat slik eg ville ha den.

 

Her ser du skissene og om ikkje lenge tenkte eg å legge ut oppskrifta. Og ja, du kan strikke den med minimalt strikkekunnskap.

Kva synes du? Er dette ein genser du kunne tenkt deg?

Thats life



Livet som «mannen bak» ei med blogg fører med seg nokre kvardagsutfordringar. Ein får plutseleg ein ny og tidkrevjande hobby som motefotograf. Ein må stoppe opp og ta bilde i ein kvar situasjon utan at nokon "ser". Ein får også ein kjærast som skal pynte på kvardagen og sette det meste i eit glansbildelys, koste kva det koste vil. Dersom denne bloggedama også likar syom, får ein heller ikkje ha kleda sine i fred?


Skjorte til skjørt

I helga var mannen min på kurs, og når katten er ute dansar musene på bordet. Eg fann ei skjorte som han ikkje hadde bruk for lenger. Klipte den i to og sydde på eit strikk øvst. I mine auge fikk skjorta nytt liv, gjenfødt til skjørt.



Lurer på om han har ei dongeriskjorte til overs...

"Snap off"

Eg innrømmer det. Eg er avhengig. Kanskje ikkje av den verste sorten. Men om eg ikkje tar i eit tak, kan det gå gale.

Nokre mobilaugneblikk er totalt ubruklege....

No er det altså bevist. Ein ettermiddag vart det slengt i bordet framfor meg. Rettare sagt sendte han meg ein link på Messenger, men synes det vart litt meir kraft i «slengte».

"Forsking viser. Det er no bevist at. Hjernehalvdel. Tankar."

- Det er det eg har sagt heile tida, sa han fornøgd. Då var det gjort. Eg stod der med skjegget i postkassa og sa god dag mann økseskaft. 

Det er nemleg ikkje mogleg å surfe på telefonen samstundes som ein held ein samtale.

Det går ikkje mange dagane utan at eg fordjupar meg ned i ein digitalskroll på Instagram eller forvillar meg inn på søte kattevideoar via Facebook. Det er inga utfordring i kattevideoane eller feeden på insta. Problemet er at eg koplar ut resten av verda.

Ein Dagbladet-artikkel skriv at ein ikkje kan snakke og lese, eller snakke og skrive på same tid sidan ein brukar same hjernehalvdel til disse tinga. Tankane kan ikkje vere på meir enn ein stad. Så eg kan ikkje bruke mi faste unnskyldning lenger.

Det har det vel hendt at eg berre svara andre utan å høyre kva det handla om på grunn av min alt-oppslukande lommevenn. Dette har vore eit irritasjonsmoment her i heimen. Sjølv om eg er av det smartaste kjønn, kan eg ikkje fokusere på både min digitale bestevenn og miljø.

 

Medan andre mobilaugneblikk vil eg aldri vore forutan!

 

Er det fleire som kjenna seg igjen? Er det verdt ein brist i kvardagsidyllen? Kanskje det er like greitt å kople av? Kanskje eg skal lage meg «data-tider»? Slik eg hadde den gongen det kosta pengar per minutt å vere på internett.

Vi får sjå, men no er eg vertfall hakket meir observant. 

Missbruk med måte!

"Eg reiste aleine"

Det er ein første gang for alt og i helga debuterte eg med hotell-liv.

 
Legg ikkje ut på langtur utan trening.

Eg kom trillande med kofferten. Sola glitra opp frå fjellet og «Jon Blund» var framleis i auga. Eg hadde inga erfaring med å bu einsam på hotell. Men hotell-liv i sosiale samanhengar var ikkje ukjent. 

Meld frå kvar du går

For nokre veker sidan fikk eg innkalling til eit nynorsk bloggkurs. Dette var «slått opp» i lokalavisa og godt informert til mine nærmaste. 

Vis respekt for veret og vêrmeldingane. 

Både Christen Gislefoss og Isabella Martinsen meldte opplett og fint vêr denne helga. Det heile såg ganske lyst ut. 

Vær rusta mot uvær og kulde, sjølv på korte turar.

Ta alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev.  

For sikkerhetskuld hadde eg pakka for mykje og var førebudd på det meste. Eg hadde med meg ei stor toalettveske der eg både hadde med skrubb, nasespray og restrar frå gamal ansiktskrem. Just in case. 


Lytt til erfarne fjellfolk 

I resepsjonen fikk eg greitt med informasjon. Eg gjekk derfrå med auka kunnskap om korleis eg kunne få oppdatere instagram, sleppe å gå i trappa og kvar eg kunne ete meg stappmett. Om eg ynskja å plaske i bassenget i løpet av helga så kunne eg det også. 

Bruk kart og kompass

Eg fann greitt fram til hotellrommet. Sidan rom-nummer stod på nøkklen var det i grunn ein smal sak.

Gå ikkje alene

Sidan eg skulle på kurs var eg omringa av mange nye og spennande menneske heile helga. 

Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig

Det var derfor ekstra digg å tappe i badekaret når mørket sneik seg på. Christel Alsos song for full hals på rommet. Eg pakka meg inn i den overprisa frotèkåpa med matchande «stoff-flippers». Før eg las litt i halv-søvne.

 

Livet på hotell er fint, men eg må seie at det er litt kjekkare saman med vennar eller familie. Kva tenker du?

Alle skal få (sjå)

Det var ein gong, for ikkje så veldig lenge sidan, at Askepott fikk store draumar oppfylt.


Foto: Martin Handlykken

Askepott kom frå ein stad langt, langt borte, ja for nokre kanskje lenger enn langt. På denne vesle staden var ho berre ein fergetur unna Askeladden, som seinare viste seg å vere draumeprinsen.

Etter nokre år klarte han å målbinde henne og det skulle feirast bryllaup. 

Askepott hadde ein tanke om den perfekte brudekjolen, men korkje snakkande fuglar eller magiske nøtter for å lage den.

(Sjå frå 1.min ut i filmen under.)

20DF6U1HcGQ

Film frå filmweb.no

 

Askepott derimot, hadde tre kvinnelege forbilde. Tre damer i nær familie som berre ville ho godt. Desse inspirerande damene hadde tre brudekjolar med tre unike historier. Draumen til den vordande bruda var å "sy" kjolane, familiane og historiene saman (bokstaveleg og biletleg talt).






Askepott trudde lenge at draumen ikkje kunne bli verkeleg og at ho måtte ende opp i ein polyesterhaug frå Kina på den store dagen.

Men den gang ei.

Då alt såg mørkt ut kom den gode feen , som ein frisk pust i ei sky av blonder og glitter.  Askepott manna seg opp og ba fint om råd. Askepott såg seg fornøgd med det. Ho visste ikkje at dette berre var byrjinga.

Den gode feen ville hjelpe Askepott. Det eine førte til det andre og Askepott fikk seg ei reise ho aldri vil gløyme.






Eg kan ikkje avsløre alt. Men også dette eventyret enda på tradisjonelt vis, sjølv utan glassko og gresskar.

I eventyrets ånd kan du sjå denne historia på snart nett! 

 Nett-tv serien om brudekjolen blir lansert i september!

 

Følg med her, på side2.no og jennyskavlan.com.

Maraton frå sofaen

I dag er planen å gjennomføre eit maraton for å få ein ekstra dose endorfin-rus.

Kanskje eg til og med skal utfordre meg på to maraton?


Bilde lånt frå absurdgalleriet.no

Modern Family og overdose med sukker, er min plan. For sjølv om eg er PT så kjem eg nok aldri til å springe ein full maraton, ta 100 kg i benk eller 10 pullups med 50 kg ekstra vekt. "Aldri sei aldri".

Kvifor skal eigentleg "alle" det?

For å unngå missoffatningar er eg mektig imponert over alle som trena seg opp, gjennomfører større løp, eller hiv seg på fitness-bølga. Men eg synes det er litt rart at «alle» må det. Det virka vertfall slik.

Arrester meg gjerne, men eg trur mange ikkje klara å komme seg opp frå sofaen fordi dørterskel-mila er for stor. Når ein endeleg er komen til døra og møter "no pain, no gain" skjønnar eg at mange vel å "slamre" den igjen for godt.

Kva med den daglege aktiviteten. Er det ikkje godt nuk å "berre trene for å halde seg i ok form"?

Eg synes at trenda for ekstrem hardtrening har tatt litt overhand. Derfor vil eg gjerne skryte litt ekstra til kvardagsmosjonistane. Dei som tar seg ein tur på fjellet når det er fint vèir. Dei som trenar litt styrke og går på ein treningstime i ny og ne. Dei som kanskje ikkje har eit anna mål med treninga enn å ha det fint og få meir energi.

Bra jobba og klapp på skuldra! Det er meir enn godt nok! 

Eg er ganske sikker i mi sak når eg no oppmodar alle om å vere i bevegelse, men du treng ikkje kjenne blodsmak i munnen og ta deg heilt ut kvar dag for å leve eit langt og godt liv. Livet er for kort til å ikkje kose seg.  


Bilde frå absurdgalleriet.no 

Eg har ikkje den tyngste bakgrunnen å slå i bordet med, men eg er utdanna PT ved Norges idrettshøgskule og har litt livserfaring i gym-bagen. Hold deg i dagleg aktivitet og et variert, verre er det ikkje. Det beste er at du faktisk får meir overskot.,Om du vil bruke det på eit maraton eller ei, kan du velje heilt sjølv.

Du får ein «like» av meg uansett.

Tacorama

I kveld kan ho Santa Maria og han gamle El Paso ta seg ein pause for det er verken vanskeleg eller tidkrevande å vikariere for disse.


Eg er ikkje så veldig glad i kvardagsrutinar, men nokre likar eg betre enn andre. Følelsen av fredag, på med joggebuksa og posen full av smågodt er ei god rutine. Med fare for å virke kjeisam og usosial, er fredag ofte tv og taco-kveld her i heimen.

Eg er heller ikkje den spontane og urbane som eksperimenterer med fisk eller gulrot i tacoen, for taco skal vere taco. Men i det siste har vi gått litt utanfor komfort-sona og det med stort hell. Vi har laga salsa og krydder frå skretsj.



Eg har i fleire år valgt å unngå å lage det sjølv for å spare tid, men sannheita er at det er lettare sagt enn gjort. Ein bieffekt er også at ein kan ete ei ekstra tacolefse med meir enn god samvittighet.

 

Her er oppskrifta eg har prøvd meg fram til. Manglar du nokre av ingrediensane så kan det sikkert byttast ut.

Bon appetitt!

 

Har du nokre gode fredagsvanar?

 

Tacokrydder:

Spisskummen (det er eigentleg alt du treng dersom du har litt dårleg tid).

Chillipulver

Paprikapulver

Origano

Salt

Pepper

 

Tacosaus:

Kjøp hakka tomat eller mos tomatar i ei kjøkkenmaskin.

Ha i hakka chilli og kvitløk.

Krydre etter eige ønske og sett litt ekstra smak med litt limesaft.

 

GuacamoleMos avokado

Ha i hakka chilli, kvitløk og lime.

Smak til med salt og pepper.

Nervane i spenn

Budrunde og mitt konkurranseinstinkt er ikkje den beste kombinasjonen. Det hjelp ikkje med ein lunka bankkonto og heller ikkje at eg hatar å tape. På den andre sida er eg ein veldig god vinnar og førre veke slo vi på stortromma.


Eg unna ingen å kjøpe brukthus. Timane, minutta og sekunda i ein budrunde er like dramatisk som under NRK-serien «solgt». Klam i henda, flakkande blikk på mobilen og vill i blikket bydde vi mann ut av «huset».


 

Livet er fult av kontrastar. I førre veke valte eg å gå innom fleire daglegvarebutikkar for å spare nokre kroner og dagen etter brukte eg nokre millionar etter kort betenkningstid.

Man får det ikkje meir moro enn ein lagar sjølv så no er det ikkje lenge til vi kan spele boccia i eigen hage og ta trappetreninga innendørs. Men det beste med dette er at eg får eit eige «rote-rom» eit rom der eg kan symaskina stå framme, la perler og stoff ligge lett tilgjengeleg og berre la kreativiteten gå sin gang.