hits

juli 2015

Utgangspunktet

Brudekjolen heng no trygt på soverommet mitt.

Den kom seg heilskinna gjennom rens og vask, så no er den snart klar for å sjå dagens lys.



Eg er veldig nervøs på korleis den blir mottatt,.Sidan vi har "hausa " denne kjolen opp i skyene kjenner eg litt ekstra på presset.  

Brudekjolen er verken ein  "polyesterhaug frå Kina" eller den typiske 2015-brudekjolen. Kjolen er enkel og fin med (naturleg nok)eit vintage preg. Det finaste med kjolen er symbolikken og det som ligg i bakhand.  

Eg gleda meg til å vise den fram. Synes det er kult å kunne føre på CV`en at eg har sydd min eigen brudekjole.

 

Tenkte å vise dokke dei første skissene som Jenny teikna etter ho hadde sett kjolane for første gang.

Har du ein favoritt?




NB! Det er ingen av disse som vart den endelege skissa, men ein kombinasjon av fleire.


.

Håpar du nyt dei siste dagane i juli! Snart blir det bryllupsbonanza og bridezilla-overload på bloggen.

Det er heller ikkje lenge til brudekjole-serien kjem på NETT-TV.

Nedtelling


No er vi i gang med nedteljinga for fult. Denne sommaren har gått i bryllaupsplanlegging. Sjølv om det til tider har stått bra på så har det vore mange hyggelige kveldar. Ikkje minst er vi blitt meget gode på å lage samleband der ein klipper, ein limer og ein sett saman, er ikkje verst berre det. No er det siste innspurt før det brakar laust. Moro skal det bli!









 

Det er ein god men rar følelse at neste søndag er eg gift. Lurer på om eg kjem til å merke forskjell...

Han går meg på nervane

Det fins ein person her i verda som eg kan bli meir irritert på enn alle andre og han kan vere ein skikkeleg plageånd utan å sjølv vete at han er det.

Denne mannen skal eg gifte meg med neste helg.

No skulle eg eigentleg skrive ned ei bryllupstale, men at eg har verdens mest irriterande mann, er eit litt dårleg utgangspunkt.

I det daglege, dei få gongane han slepp til på kjøkkenet, brunar han alltid kjøttdeigen med for mykje smør eller brukar for mykje krydder. Han kuttar alltid salaten opp i for store bitar og set alltid fram feil koppar, skåler og fat når vi har gjester.

Trur du min kommande ektemann set pris på å sove lenge om morgonen? Neida, han er ein morgonfugl av dei sjeldne. Om morgonen hoppar han ut av senga og slumrar aldri, noko eg er ein stor fan av. Han kan også finne på å vekke meg ved å dra av meg dyna slik at eg frys i hel. I helgene for eksempel, når han vakna seinast kl. 08.00 er det ofte at han vekk meg frå skjønnhets-søvnen min berre for å få selskap.

Min betre halvdel sin favorittaktivitet er «zapping», det å aldri komme fram til ein kanal på TVen, men sjå over alle fleire gongar i minuttet. Det er kanskje noko av det verste som fins, eller det er kanskje når han tar snikbilde av meg i mine beste augeblikk. Gjerne dagen der på, før ein har tatt ein dusj eller smugfilmar når eg syng ein gammal Spice Girls-hit eller går rett på ei teip-felle han har laga.


Eg likar godt å utsette litt kjeisame ting, men sambuaren min, han vil gjerne få alt gjort med ein gong. Så det endar alltid opp med at min kjære gjev meg dårleg samvittighet fordi det er mine sokkar og truser som ligg slengt i leiligheta. Eller fordi han sett opp ikea-møblar, mala gangen og fiksar baderomsfliser før eg får tatt på meg arbeidskleda.

Så til gliset hans, den dama hans som har sportsunderstell, og det til tider kan virke som om han har eit ekstra godt auge til. Om eg hinta frampå at eg kanskje har litt lyst til å lakke neglene når han køyrer meg til fest, får eg eit litt negativt blikk (det kan vere at denne negativiteten har noko med erfaring å gjere). Snakk om festbrems.


 

Men denne plageånden av ein «zappar» kan få meg til å smile på verdens verste dag. Han veit alltid når eg har bruk for ein klem og når eg treng støttande ord. Min kjæraste er alltid på mi side, ved oppturar og nedturar. Han er min største fan og eg er hans. Han stiller opp på alle mine (ikkje alltid gode) idear og gjev meg alltid ei hjelpande hand. Han ser meg og støttar meg uansett korleis det går. Denne plageånda som eg skal gifte meg med, gleda eg meg til å holde ut med i tjukt og tynnt. Denne mannen er eg stolt av å kunne kalle min. For denne flotte mannen kan eg aldri få nok av.

Takk for at du lyse opp kvardagen min Anders, den hadde vore kjeisam utan deg.

Rock`n Roll

Nordfjordeid er langt frå verdas navle, men ei helg i året blir denne vesle bygda til eit midtpunkt og rosina i pølsa for både liten og stor. Midt i juli er det tid for Malakoff Rockfestival. Ein tretten år gammal festival som starta med at nokre russ ynskja å gå på festival og no har bygd seg opp til å bli ein av Norges beste.

Det er denne helga i året dugnadsånda i bygda verkeleg kjem fram. Det er denne helga alle blir rockarar. Nokre tar på seg felleskjøpsdressen som festantrekk medan andre går med stølvar og shorts uansett vêir og vind. Det er folk i kvar ein krik og krok på Nordfjordeid disse to dagane, og det går litt over stokk og stein. Det er også denne helga eg innser at eg byrja å få litt livserfaring når stadig yngre ungdommar kjem inn på «18års-området».Og ikkje minst, det er denne helga eg konsumerer ein god del rockeburgarar med ekstra dressing. 

Eg er ikkje ein typisk festivaldeltak, om det fins ein prototype på dette. Men eg er veldig glad for at eg kan gå heim når festlighetane er over og legge meg i ein varm seng. Synes litt synd i dei som la seg inn i fuktige og kalde telt i natt, YOLO.

Eg har vore på Malakoff Rockfestval sidan 2003. Hugsa godt første året då vi var fem hundre besøkande og Surferosa var headliner. Starstruck som eg var fikk eg tatt bilde saman med vokalisten med mitt nye eingangskamera. Trur eg brukre tre av dei tjuefire bilda for å forevige augeblinken.

 

I år var det rundt 20 000 solte bilettar. Dei musikalske høgdepunkta for meg var utan tvil Emilie Nicolas, Susanne Sunnfør, Team Me og Kasers Chefs, men Thea Hjelmeland var også veldig bra.  Ikkje minst hadde ho verdas finaste jakke.

 

Stemninga i helga har vore upåklageleg og fylt med sprell, latter og song.

 

Takk for denne goagen Malakoff! Eg er allereie klar til neste år!  "Same procedure as every year".

"På bøljan blå"

Eg er for tida i ei bryllaupsboble. Dagane går i bordkort, blonder, paljettar og skriving av lister. Eg har blitt ein mester i å skrive lister og passar på å krysse ut når noko er gjort. Eine og aleine for motivasjonen sin del.



Sjølv om vi går i bryllaupståka her heime har vi tatt oss tid til litt sommar-idyll.

Her om dagen var vi på båttur med «skuta» til bestefar min.

 Eg hadde, tradisjon tru, på meg alt for lite kle så fikk låne skipsgensaren som har låge i båten frå 50-talet. Med lett duft av fisk og disel satt den som eit skot over jakka. Dagens outfit vart moteriktig med lag på lag, vintage og retro. Men varm og god var den vertfall.

 Det var lite fiskelykke denne gangen, men kanskje like greitt sidan sløying av fisk ikkje er min favorittaktivitet.

 Håpar sommaren din er god.

 

Effektiv sommartrening


Mange assosiera ferie med "endeleg tid til trening". For min del er det motsett. Eg er god til å sette av treningstid i den hektiske kvardagen, men når ferien kjem vil eg heller prioritere andre ting. Av den grunn vel eg å køyre veldig effektive treningsøkter i ferien, med andre ord nokre «quick fix»-økter for kropp, sjel og samvittighet.

 

Eg jobbar ofte med intervall, då eg synes det er den mest effektive treningsmetoden. Eg vel også å bruke mest tid på kondisjon og uthaldande styrketrening i sommar så får eg heller «makse» i styrkerommet til hausten.


Her er ei av sommarøktene mine. Økta kan ta alt frå 15-45 minutt.

Prøv gjerne ut og kom med ei tilbakemelding.

 Tid:

15-45 min (opp til deg, kor mange runde du køyre)

 Utstyr:

Hoppetau

Medisinball eller alternativt: vekt/stein/sekk (noko du kan løfte?)

 Oppvarming:

Lett jogg eller gjennomgang av øvingane i roleg tempo.

 Hovuddel:

5x2

Kvar serie er på fem tominutters-intervall. Du jobbar i 2 minutt og deretter 15 sek pause. Dette gjer du 5 gongar før du tar ein joggepause på 1-2 min.

Dette gjentar du 2 eller 3 gongar, alt etter dagsform ;-)

 Intervall 1:

1 min gåande utfall

Ekstra utfordring: Hald vekta med strake armar over hovudet

1 min hoppetau (slik som i gamle dagar)



Intervall 2:

1 min pushups (på tær eller knær)

1 min hoppetau



Intervall 3

1 min knebøy med kick.

Bøy ned i knebøyposisjon med vekt framfor brystet, skyv opp og spark.

1 min hoppetau

Intervall 4

1 min plankwalks

Stå i plankeposisjon med bøyde albuar og «gå opp» ein og ein arm til du kjem i plankeposisjon med strake armar.

1 min hoppetau

 

Intervall 5

1 min roing med vekt

Sitt med beina litt over bakken og strak rygg. Hald vekta framfor brystet og roleg frå side til side.

1 min. hoppetau.

 

Gjenta dette to eller tre gonger så har du gjennomført ei effektiv og fullverdig fullkroppsøkt!

 

God trening!

I mål

I dag har eg sydd siste stinget i brudekjolen min.  


Då eg var i Oslo for eit par veke sidan fikk eg med meg kjolen og sulle ta sjarmøretappen på kjoleeventyret. Denne veka har eg kosa meg med finpuss og pynta kjolekaka med «hummer og kanari». Eg har brukt blonder frå Grønland, litt «pynterestar» frå Jenny sin kjole, stoff frå mamma, - bestemor og - svigermor sine kjolar for å dekorere. Alt er sydd på for hand i ein frodig samansurie av detaljar. Litt av alt, slik eg lika det.

Kjolane har budd bakerst i klesskapet i 50, 40 og 30 år. Dei siste tre månadane har dei sett verda og reist frå land til strand. Reisa starta på Nordfjordeid, deretter i ein bag med nattbuss til Oslo. Her fikk dei ly hjå Jenny og Fingern samt nokre netter hjå ein tyrkisk skreddar. Vidare vart dei stappa og pressa ned i ein handbagasje-koffert med fly til Bergen før dei kom tilbake til opphavet på Eid. Her har dei fått retta opp i nokre skjønnhets-feil samt fått prikken over i-en. I dag køyrte vi kjolane til ein siste oppfrisking og reins slik at brudekjolen min blir klar om nokre veker.

Her er kjolen, berre synd eg stod litt i vegen...

Eg kan røpe at det er mykje handsaum på kjolen og eg er litt engstelig for at den kanskje ligg i blaut akkurat no. Eg er ikkje verdsmeister i å feste lause trådar, men kryssar fingarar og bein for at det helde. Kjolen er sjølvsagt som alltid i trygge hender.

Denna flotte dama har gjort jobben min lettare, men neste gang er det min tur til å bruke kjolen.

 

No er eg i full gang med brudepikekjolen. Synes det er ekstra kjekt om den matchar min, så legg litt av sjela mi i den også. 

Håpar helga di blir fantastisk fin!

Frynsegoder

Den lettaste måten å fornye eit plagg på er å legge til noko. Det fine med det er at ein ikkje øydelegg plagget og dersom det skulle gå "åt skogen" så kan ein alltids ta det vekk igjen. Ganske ufarleg med andre ord.

 Tenkte eg måtte hive meg på frynsetrenden, så  eg kjøpte ei remse og sydde det på ein kjole for hand. Enkelt og dekorativt, på 15 minutt.


 Alt du treng er frynser, klesplagg, nål og tråd.









Kom over litt frynseinspirasjon på Pintrest:

Trur eg skal frynse opp fleire eigendelar, men først må eg komme i mål med brudekjolen. Store delar av dagane går for tida med til å sy på kjolen. Eg er veldig spent på sluttresultatet, men med god tru. Har sett deadline til helga for då skal kjolen på rens. Bloggen blir sjølvsagt oppdatert og tenkte eg skulle vise litt brudekjoleskisser om litt.  

 

Ha ein strålande fin dag!

 

Har du fått nokre frynsegoder i sommar?  

Ein pustepause



Eg trur alle har godt av å stoppe opp litt og sjå seg rundt, både bokstaveleg og biletleg talt. Det er fort gjort å gløyme vegen om ein kunn fokusera på målet.

Veldig djupt og poetisk sagt, men det er mykje sant i det. Den er ikkje så dom når ein tenker seg om.

 

Eg har alltid mange ting på tapeten og nokre gongar blir det til at eg tenker på alt som «skulle» vore gjort i staden for å vere til stades her og no. Eg trur det er mange som «higar» etter noko betre større og annleis, utan å skjønne kva ein eigentleg har. Eg meina ikkje at ein ikkje skal sette mål, missforstå meg rett. Mål er veldig viktig og det er på den måten ein kjem seg fram her i verda. Tru meg , mål er grunnen til at eg er her eg er i dag og eg set meg nye delmål dagleg. Tanken bak dette innlegget er å minne alle, inkludert meg sjølv, på å nyte vegen ikkje berre fokuser på målet.

 


Fikk denne linken tilsendt for ei stund tilbake frå ei veldig god veninne. Det er mykje i den som treff meg, men det er aldri for seint å tenke annleis.


For eit års tid sidan var eg på ei coaching-forelesing ved NIH og der lærte eg nokre små triks som eg skal prøve å følgje framover:

 

1. Ikkje bruk orda «skal, bør, må»

2. Tenk gjennom minimum 3 positive hendingar som har skjedd gjennom dagen kvar kveld

3. Vakne med eit smil og ei positiv innstilling til dagen 

 

Eg trur ikkje det blir eit problem for det er mykje bra som skjer for tida. Eg gleda meg til vegen vidare!

Det var dagens filosofiske hjørne. Legg gjerne igjen ein kommentar om du er einig eller ei.

Nyt, stop og lev livet ditt på den måten som passar deg!

Det har vertfall eg tenkt til.

Ha ein strålande fin sommardag!

Eit lett valg

Om eg måtte valt eit plagg og eit mønster for sommaren hadde eg enda opp med ein blomstermønstrete jumpsuit eller ti. Eg kunne lett flytta inn i denne festversjonen av ein onepiece.


Makan til meir behagelig plagg skal ein leite lenge etter. Eg veit ikkje om eit anna plagg som passar like godt til fest som på sofaen og midt i mellom. Kanskje maxikjole er i den kategorien, men i jumpsuiten treng ein ikkje passe på å ha samla bein og ein har heller ikkje problem med å klatre i trær, dersom ein ynskjer det.


Blomster og klare fargar er ein sikker vinnar hjå meg og eg trur eg har litt for mange blomstrete plagg.

Fint at det er sommar og derfor ein gylden mulighet til å kle seg som ei blomstereng dagleg.

Trur aldri eg har vore særleg heldig på eit hoppebilde, men det stoppar meg ikkje i å alltid ha ein trang til å ta det.

Ha ei hoppande fin helg!

Yes to the dress

Kva tenke du når det er snakk om brudekjoleprøving?

I mitt hovud er det "Yes to the dress"-tendensar. Ein fancy butikk som vert kalla salong, der ein må ta av seg på beina før ein kjem inn. Store kvite lokale med brudekjolar overalt og gjerne ei overdådig lysekrone eller to. Prøveromma er store som gjesterom og bruda får hjelp til alt, frå å feste skoa til å ta kjolen over hovudet. Brudekjole--konsulenten har kvite silkehanskar når ho tar på kjolane med den største forsiktighet. Bruda og hennar nærmaste har gjerne noko godt å leske seg på medan dei sitt i ein vintage fløyelssofa.

I går prøvde eg brudekjolen min for første gang, og det var vel ikkje heilt som beskrive ovanfor. Eg prøvde den i ei bakgate i Tigerstaden hjå ein tyrkisk mann som dreiv renseri og jobba som skreddar. Butikken var full frå topp til tå, litt sko her, litt stoff der, nokre ark her og litt vasketing der. Det var ikkje så mykje kvitt i lokalet, det gjekk mest i bruntonar og burgunder.  På døra hang det ein solbleika 80-tallsplakat frå det tiårets brudekjolar. Heile butikken var kanskje 12 kvadrat og prøverommet tok eit av dei kvadrata. Det var vegg på eine sida, forheng på andre og luftehol på siste kant. Eg fikk kjolen servert i ein gjennomsiktig plastikkpose, med ein ny kaffiflekk og utanfor stod Jenny og den tyrkiske skreddaren med kamerateam på slep.

 Kanskje ikkje ting er så veldig fancy i dette eventyret, men det er vel så bra om ikkje betre. No får eg ein unik kjole proppfull av historie frå Nordfjordeid på 60-talet og til Oslo i notid. Ei lysekrone eller to får ikkje meg til å angre på at eg ikkje valte ein "polyesterhaug frå Kina".

Brudekjoleprøvinga var ein ny og spennande oppleving som eg aldri kjem til å gløyme.

No er eg i gang med sjarmøretappen av kjolesyinga og det går i blonder og perler frå morgon til kveld.

Eg tok dessverre ikkje bilder frå den første prøvinga., men angrar bittert. Heldigvis lev minna og det kjem på nettTV til hausten.