hits

juni 2015

Vaktbikkje

Oslo visar seg frå si beste side i dag. Sola skin og eg sit i parken, slik som dei andre urbane sjelene i Oslo. Det som skil meg frå mengda er kanskje trillekofferten. Mange tenke sikkert at eg har den med for å få god støtte i ryggen her eg sitte, men den gang ei..Den er nemleg fylt opp med brudekjolen min som eg atm voktar med mitt liv.

Så no kosar vi (kjolen og eg) oss i sola før eg vende nasa tilbake til Bergen i kveld. Skal vise sneakpeak og fortelle meir om dagen snart! 



Ha ein flott sommardag! Ser du ei litt forvirra bygdejente med trillekoffert i byn så smilar eg gjerne tilbake!

Dill og dull

No nærmar det seg med stormskritt og for ei stund tilbake var det tid for testing av hår og sminke til bryllaupet. Det er ikkje kvardagskost å sitte i stolen for å bli dilla og dulla med, men det er veldig kjekt. 


Det er flotte Iselin frå Warehouse som skal pynte meg den store dagen. Sjølv om vi kjem frå to ulike verdnar, sann sminkemessig. Kokar vi godt saman når vi først er i gang. Eg er vertfall veldig trygg på at ho gjer ein strålande jobb!


Det endelege valet på hår og sminke er enda ikkje tatt, men eg det blir litt oppsatt, litt bohemsk, litt flette og litt blomster. Slik som resten av festen.

Eg har også fått ein del hårprodukt frå Gorgious som eg er veldig fornøgd med:

(Annonse)







 Har du tips for at hud og hår skal sjå best mulig ut?

Svigermors draum?

Skal du halde deg inne med svigermor er det beste tipset å gifte seg i den gamle brudekjolen hennar.



Kvar gong eg seie at eg skal gifte meg i svigermor sin brudekjole assosiera eg det med ein romantisk komedie; ei litt over-ivrig svigermor og eit mareritt av ein brudekjole. Brudekjolen er då gjerne fleire størrelsar for stor og utan sjarm. Dette er heldigvis ikkje tilfelle i denne romantiske komedien for her er det snakk om ei strålande svigermor og ein stilig rein 70-talls brudekjole. 


Eg skal gifte med i bestemor mi, mamma og svigermor sin brudekjole. Det heile starta med ei inspirasjonsbok og no er draumen i ferd med å gå i oppfylling! Gjett om eg gleda meg.
 

Mine kommande svigerforeldre gifta seg 2. april 1977 i Balestrand.

Eg er veldig takknemlig for at eg har fått denne flotte brudekjolen frå det glade 70-tall. Kjolen satt ironisk nok som eit skudd og passa perfekt på meg. Seier kanskje litt om at Anders (sambuaren min) går etter ei som likna på mora?

 

Det betyr mykje for meg å gifte meg i delar av denne brudekjolen.

For det første er det ei ære å kunne føre «tradisjonen» vidare og det er veldig kjekt at kjolen får nytt liv. Men ekstra fint er det at dette kjoleprosjektet står som eit symbol på at to familiar blir "smelta" saman. Til sjuande og sist er det dette bryllaup handlar om.

 

Mi kommande svigermor er ei flott og omsorgsfull dame med pågangsmot og bein i nasa. Ho får til det ho vil og sett andre framfor seg sjølv. Det står det respekt av!

Eg er stolt av at eg får bruke brudekjolen din når eg skal gifte meg med guten din!

Tusen takk for brudekjolen!

Sommar og salat


 I går hadde vi "spleisefest" med jobben. Du veit når alle tar med litt kvar. Eg skulle diske opp med salat, men det var allereie nokon andre som hadde tenkt å lage salat. Salat i mine auge er den typen med isbergsalat, tomat ,paprika, agurk, mais og ananas. Eg måtte difor utvide horisonten og endte opp med ein god skinkesalat med dressing.


Prøv sjølv då vel! Perfekt til speisefest eller berre ein lett sommarmiddag.

 

Salat:

Eple, nokre grøne og nokre raude.

Purre, nedre del.

Skinke, sann i boks som kana vere litt vanskeleg å opne.

Pasta, type fullkorn.

Paprika, i vaglfri farge og fasong.

 Dressing:

Estra lett rømme (ca 1 boks)

Lett remulade (ca 1/2 pakke)

Ein god del sitronsaft

Litt meir pepper enn ein skulle tru

Bland saman salat og dressing på førehand eller server kvar for seg.

 

Har du ein fresh salat som passar til sommaren? Del gjerne i kommentarfeltet!

Magisk natt

Jonsokaftan eller sankthansaftan er knytta til mange tradisjonar.



Etter gamal overtru kunne ein plukke 7 typar markblomster og legge dei under puta natt til 24.juni. I løpet av natta ville ein då drøyme om sin framtidige ektemann. 

Vi tok oss ein gåtur i kveld, og eg gjore som Askeladden. Eg plukka med meg dei blomstrane eg fann på min veg.



No er planen å legge dei under puta og sjå kva som skjer. Overtrua sei vel ingenting om det er dumt at dei ligg i ein pose? 

Håpar denne magiske natta vil vise om eg har valt rett mann..

 

Sov godt :-)  

 

 

 

Blomsterkrans på 1-2-3

For fleire år sidan laga eg blomsterkrans med dei blomstrane eg fann på min veg. Om det var løvetann, strå eller engkarse var ikkje så nøye med, for krans det vart det uansett. I helga leita eg fram gamle kunster og med litt ekstra utstyr held blomsterkransen enda lenger og betre enn dei ein laga som barn.

Det tar verken mykje tid eller energi å lage ein blomsterkrans av ekte blomster.

Alt du treng er blomster, ståltråd og saks.

Deretter tar du du utganspunkt i ein blomster og tvinnar ein anna rundt før du festar dei saman med ståltråd.


Slik held du fram til du har fått den lengda du ynskjer.

Så festar du enden saman med "startblomsten" og klipp av dei stilkane som var til overs.




Eg brukte peonar med ganske stiv stilk, men trur det er lettare å jobbe med blomster som har mjuk stilk.

Eg kjem nok til å lage fleire slike ila sommaren, men kanskje med ulike typar blomster.




I morgon er det st. Hans, eller jonsokaftan, då passar det perfekt med ein blomsterkrans!

 

For å skryte



Eg kjem aldri til å stå aleine. Eg kjem aldri til å ikkje ha nokon å snakke med. Eg kjem aldri til å vere einsam! Eg blir alltid støtta, så lenge det er mitt val og noko eg brenn for. Eg har folk som alltid stiller opp.  Eg har nokre fantastisk fine jenter i livet mitt, og der skal dei vere lenge, kanskje for alltid!



For å skryte så har eg verdens finaste venner. Eg har eit team i ryggen som er der uansett. Eg er veldig stolt over vennane mine og i går arrangerte dei utdrikningslag for meg.



Heldige meg som har vennar eg verkeleg er gla`i. Tusen takk for i går!

Dokke fortjena kun det beste!

Eg gleda meg til nye sprell framover!!

TGIF

 

Fredag,helg, blomster og sol!


Trur fredag er den beste dagen i veka. Då har ein heile helga framfor seg. Eg høyre rykte om at sommaren og sola kjem i morgon så no skal eg lade opp til morgon-dagen med Club sandwich og eit par timar på sofaen.

Gjekk for ton i ton i dag, men måtte sprite opp med litt blomster.



 Eg er ingen blomsterdekoratør, men litt over snittet glad i blomster så tok å laga med ein blomsterkrans med peonar og ståltråd. Har aldri gjort det før, men fikk det greitt til.

Oppskrift kjem i morgon!






Ha ein fin kveld og nyt helga!

Du kan om du vil

Enten du går for sommarkropp eller heilårskropp må ein opp, ut og fram. Eg har enda til gode å høyre om nokon som angra på at dei har trena.

Sidan eg både er personleg trenar og livsnytar, hendar det ein gang i blant (les: ofte) at dørstokkmila for å komme seg opp av sofaen og på trening, blir uendeleg lang. Det er ikkje alltid lett å motivere seg sjølv til ein aktiv livsstil, men eg håpar desse tipsa kan vere til hjelp.

 

1. Ha ein plan

Planlegg treninga di. Kva type økt skal du ha? Styrketrening, kondisjon, øvelsar, tid etc. Dersom du ikkje er så glad i å lage eigne opplegg er kanskje ulike gruppetimar eller PT eit godt alternativ. Det fins også mange fine opplegg på nett.

 

2. Gjer noko du likar

Du treng ikkje elske å trene, men om du har litt motivasjon for å gjennomføre aktiviteten blir alt lettare. Dersom du likar fjellturar betre enn å jogge så tar du fjellturen.

 

3. Bruk musikk som fengjer

Musikk gjer underverker for kropp og sinn. Sett på cheesy treningsmusikk og drøym deg vekk. Kanskje du blir så reve med at du gløymer at du trenar?

 

4. Ta med ein venn

Er dokke to er det lettare både å komme seg opp av sofaen og motivere kvarandre til å gje litt ekstra.

 

5. Ikkje gje opp

Det er lov å ha ein dårleg dag (eller 10), trikset er å ikkje gje seg med tap, men halde fram sjølv om ein har nokre dårlege dagar innimellom. Alle har det, topptrent eller ei.  

 

6. Alt er betre enn ingenting

Du treng ikkje trene fleire timar i veka for å få ein sunn og sterk kropp. All bevegelse er bra! Gå til jobb, ta deg ein fjelltur eller ta 10 spensthopp, 10 armhevingar og 10 utfall på staden akkurat no?

 

7. Ver føre var

Det er ikkje noko som kan måle seg med den fantastiske følelsen etter ei god treningsøkt. Tenk på den når du sitt i sofaen og "zapper". Seriane går ikkje i frå deg,  dei blir faktisk ekstra gode etter ei treningsøkt og ein varm dusj. Eg lovar deg!

 

8. Frisk luft

Denne forklarar seg sjølv.

 

9. Just do it

Du får det ikkje meir klisje, men det er vel eigentleg det beste tipset....

 

10. Du kan om du vil

Til sjuande og sist er det kun opp til deg . Du bestem over deg sjølv. og ditt liv Dersom du ønsker å bli i betre form så klarar du det om du vil.  

 

Eg heiar på deg!

 

Sidan eg har ei stor interesse for trening, har vore treningsinstruktør sidan 2006 og tok Personleg trenar utdanning ved Norges Idrettshøyskole i fjor, tenkte eg at eg kunne dele nokre treningstips her på bloggen. Kom gjerne med ein kommentar om du føler for det.

 

Kva er dine motivasjonstriks for å trene?

Terningkast 6

16. juni 2005 møtte eg mannen som eg er så heldig å få dele resten av livet mitt med.


Foto: Britt Merete T. Aase

Eg var 16 år, uredd og gira på livet. Det var sommaravslutning for 1. klasse ved Firda vidaregåande skule. Eigentleg var eg interessert i kompisen hans, men heldigvis enda kvelden med at eg møtte ein storsjarmør. Han gjekk idrett og eg gjekk musikk, så han var ein av dei tøffe gutta og eg var kanskje hakket meir alternativ. Etter ein sommar med sms og Blink, dette var før Facebook si tid, fann vi saman.

 

Dette var starta på vår romantiske komedie som har bert preg av opp og - nedturar, kleine augeblikk, klisjear, feile val, ulike tvistar, mykje omtanke, turbulens og latter. For på same dato som første gong vi møttest, 9 år etter, spurte Anders om eg ville gifte meg med han. Sjølvsagt ville eg det, og kjolen var allereie påtenkt, så trur ikkje han vart overraska over svaret.

 
Foto: Britt Merete Aase

 Vi hadde altså bestemt oss for å gifte oss før vi vart forlova. Det er kanskje ikkje etter boka, men for oss passa det seg slik. Tida flyr i godt lag og kvardagen ber framleis preg av kjærleik, latterkrampe, gleder og mindre hyggelige diskusjonar.   

No har vi vore forlova i eit år og det følast veldig bra.

Eg ser fram til fortsettinga! 

Bring it!

Takk og lov no nærmar det seg med stormskritt!

Akkurat no drøymer eg om lange dagar, lyse kveldar, lave skuldra, festival, masse is, god tid til trening og kvalitetstid med dei eg er gla`i. Årets ferie går til bryllaupsplanlegging, familieidyll og flytting, men ferie er ferie og sommar er sommar.

 

Sjølv om sommaren er sein i år, eg har vel enda ikkje gått utanfor døra utan jakke, så har eg trua. Det må jo bli varmare?

 

Sidan eg var 15 har store delar av sommaren gått med til sommar-jobb for å tjene til studentlivets opphald. Å ikkje ha fri om sommaren er vel den største bakdelen med å vere «evig student». Men i år, i år så skal eg berre bade i sol, nyte livet og planlegge den største festen vi nokon gong skal planlegge.

Eg gleda meg!

Håpar veka di bli super!

 

Er du klar for sommar og sol?

Flink pike eller ei.

«Åhja du har sann FPS du», fikk eg høyre her ein dag og det fikk meg til å tenke. For det første skjønna eg ikkje kva det var før eg fikk heile diagnosen presentert. 

Flink. Pike. Syndrom.

Men kva betyr det eigentleg? Er eg sjuk utan å merke det? Trur heller ingen kan sjå det på meg?


Eg opplev det som ganske negativt og føler eg blir satt litt i bås når nokon seier at eg er «Flink pike» . «Å stakkar», «du må ikkje slite deg ut», «du treng ikkje alltid gjere alt», «ingen er perfekt». Som med alt anna her i verden så kan det bikke over, det kan bli for mykje og presset kan bli for stort. Eg ser at mange slit i eit samfunn fult av press frå alle kantar og det er veldig synd. Men foreløpig går det fint for meg å holde på i «flink pike»-stilen. Eg synest berre det er litt drygt at eg får eit «syndrom» av den grunn.



Eg likar å framstå som ordentleg, eg kjem tidsnok, eg fullførar det eg byrja på og gjere gjerne det vesle ekstra for å få det «perfekt». Eg har aldri fått F på ein eksamen og er alltid den som les litt ekstra sann i tilfelle. Eg har aldri vore i den tøffe gjengen og når dei på ungdomsskulen hang så spelte eg kort eller hekla. Bekjendte kjenner best til glansbildelivet mitt og alt ser ganske rosenrødt ut på sosiale media. Eg likar å ha det ryddig når vi får besøk og eg legg gjerne sjela mi i å lage noko godt. Eg er tradisjonell av meg, ganske A4 ,og det gjer meg ingenting om eg står fleire timar på kjøkkenet enn sambuaren min.  Eg har også fleire utdanningar og mange ballar i lufta til ein kvar tid. Betyr dette at eg har FPS? For eg følar meg ikkje særleg dårleg?


Det er liksom ikkje kult å vere «Flink Pike». Det er kulare å berre «ta det som det kjem», «ikkje legge noko ekstra i det» og «la det gå sin gang». Det fungera dårleg for meg. Og når vi overfører dette syndromet til bryllaup så blir eg «Bridezilla», det er vertfall ikkje positivt. 

Eg passar godt inn i samfunnsrolla som såkalla «Flink pike», men eg håpar ikkje at det betyr at eg har psykiske problem, er gørr-kjeisam og ikkje tar eigne val.

Eg trur det er det såkalla «syndromet» mitt som gjer at eg aldri gjev opp. Eg kan ha lyst til å gjere det, tru meg, men eg fullfører alltid. Eg trur det er syndromet mitt som skal ha æra for at eg elskar å prøve nye ting og eg trur det er «syndromet» mitt som gjer at eg likar å gjere litt ekstra og har eit brennande ønske om at alle skal ha det best mulig. Eller kanskje det ikkje er eit syndrom, kanskje det berre er ein del av meg. Det betyr vel ikkje at ein er sjuk sjølv om ein likar å ha ting på stell?


Det eg eigentleg meina er at FPS oppstår ikkje før du "møter veggen" og ikkje er nøgd med deg sjølv og det du gjer. Eg trur at dei fleste flinke pikene her i verden kjenner sine grenser og at ein må vere litt varsom før ein "diagnostiserer" andre.

Ha ein fin laurdag flink pike eller ei.

Ikkje sett kvarandre i bås, men heller berre godta at man er ulike.

Det trur eg hadde vore fint.



Back to the 80`s

I dag har foreldra mine 30-års bryllupsdag, perlebryllaup.


 

Dei gifta seg heime på Eid og brudekjolen til mamma hadde bestemor mi laga. Tenk at om 2 månadar skal eg gifte meg heime på Eid og i nesten den same kjolen.



Mamma og bestemor mi reiste i 1985 til Bergen for å kjøpe stoff og mønster til brudekjolen hennar. Mamma har fortalt meg at det var ein sjølvfølgje at ho skulle ha ein heimelaga brudekjole, det var berre slik. Tenk kor mykje kjekkare det er å kunne lage brudekjolen sin sjølv enn å berre gå inn i en butikk å peike ut. Eg er vertfall strålande fornøgd med at eg får vere med på ei liknande oppleving.



For eit par helge sidan klippa eg i brudekjolen så det er ingen veg tilbake. Men eg kan garantere at kjolen ikkje forsvinn, men blir ein betre utgåve av seg sjølv. Din var perfekt til 80-tallet men den nye blir perfekt til dette år-hundre.

 

 

Gratulerer med bryllaupsdagen mamma og pappa!




Tusen takk for brudekjolen din mamma.

Det betyr mykje for meg å kunne gje den eit nytt liv og starte mitt liv ilag med Anders i same kjole som du gifta deg i.


 

Dette er altså kjole nummer to i brudekjoleprosjektet.

Her kan du sjå og lese meir om den eldste kjolen.

 

Kunne du tenkt deg å gifta deg i brudekjolen til mor di?

 

Litt ekstra

 

Eg likte fasongen og fargen på denne skinnveska, men synes den mangla noko.


Kven treng vel ikkje litt ekstra glitter i kvardagen? Kanskje særleg på ein «dagen der på», regnfull og grå søndag.




Eg limte derfor stæsj på veska med perlelim. Perlene tok eg frå nokre gamle øyredobbar som trengte eit nytt liv.


Eg limte dei på og lot det tørke natta over.

Og vips, sukkersøt og god som ny.

 

 

 

Håpar søndagen din er feiande flott og at du får lada opp til ei ny veke!

Kåken

I 3 år har vi budd i leilegheita og no er det ikkje mange vekene til vi skal flytte. Det er ein vemodig tanke, men på den andre sida er eg veldig klar for ein ny start.

Kjøkkenet var noko av det første vi ordna når vi flytta inn. Huska den perioden ein plutselig kunne finne sag i staden for brødkniv i kjøkkenskuffa. Oppussing set verkeleg forholdet på prøve, men det er verdt det når ein blir fornøgd med resultatet.



Dei første månadane i leiligheta brukte vi gjesteseng som sofa. NOTE: det tar veldig lang tid om ein skal kjøpe ny sofa.

Tavla som dekker kjøleskapet laga Anders med eit par plankar, beis og maling. Del av den historia er at han bærte ein 3 meter lang planke frå trevarehandelen og heim, ca 1 kilometer....

Spisebordet kjøpte eg brukt då eg flytta til Bergen i 2007. Det har vore gjennom eit par facelift i ulike fargar, mang ein middag, trufast gjennom eksamensperiodane og tålt både medgang og motgang.

Stovebordet er det gamle bordet til besteforeldra mine. Det er kjekt når ting har ei historie, og nesten enda betre er at ingen andre har maken.

Glad for at ikkje veggane kan snakke for disse har opplevd alt frå fest til frustrasjon, men slik er det vel i alle heimar?




Det første året vart heile badet dyvått når vi skulle dusje sidan hellinga i golvet var feil. Det positive her var at vi fikk eit nytt bad i vår stil


Sidan vi kjøpte leiligheta har vi jobba kontinuerlig for å gjere den til vår. Vi har trivdes veldig godt her, men no er det nokon andre som skal ta over og lage nye minner.


Håpar du nyt dei første sommardagane.

Eg lengtar veldig etter sol og sommar, men den som venter på noko godt ventar ikkje forgjeve.