hits

mars 2015

Blenda av blonder


Eg er over gjennomsnittleg glad i alt som glitrar og er ganske ukritisk til alle klede med perler, paljettar, frynser eller blonder.Så lenge plagget glinsar i lyset, er i eit spennande stoff eller har fine fargar er eg selt.


 

Dersom ein har lyst til å fornye garderoben kan ein til dømes berre sy på litt stæsj. Denne morgonkåpa (eller kimonoen), fikk nytt liv med nokre blondekantar. Eg sydde blondene på for hand og vips så fikk plagget eit delikat og eksklusivt uttrykk.


Det var ein gong

Eventyrbryllaup byrja ofte med eit frieri, men i mitt tilfelle var starten på eventyret ei kreativ og inspirerande bestemor, to heimelaga brudekjolar og eit bildeoppslag av Jenny Skavlan i Se og Hør.


I mai 2014 var eg så heldig å møte Jenny Skavlan i forbindelse med ei framvisning av bikinikolleksjonen hennar.  Ho er verkeleg ei fantastisk, dyktig og kreativ dame, med ei utstråling og karma eg ikkje har sett maken til. Eg viste ho inspirasjonsboka mi og fortalde tanken bak brudekjolen min.

For å oppsummere starten på bryllaupseventyret så endte ein tur til Åsane for å sjå på bikiniar, med eit brudekjolesamarbeid.

 


Det bør nemnast at eg og kjærasten min hadde snakka om og delvis planlagt bryllaup i august 2015. Men det er ikkje å legge under ein stol at han fikk litt ekstra press på å fri når bryllaupskjoleplanlegginga alt var i gang. Så det neste store som skjedde i dette eventyret var frieri fra min favoritt-fyr 16.juni 2014.


 Til sommaren kan du sjå heile bryllaupskjoleprosessen på NETT-TVher: Jennyskavlan.com

.

 

GOD PÅSKE

Då var påskeferien i gang og livet smiler.

Kva er vel bedre enn rolege dagar, vår i lufta, god tid saman med dei man er glad i og unnskyldningar for å kose seg litt ekstra.

 

 


Ynskjer deg ei riktig god påske!