hits

Kvardag

"No kan alle lage desssert!"

Verdens beste dessert tar kortare tid enn ein skulle tru!

Knus kjeks (safarikjeks eller liknande). Sidan det er nyttår har eg laga den med ein liten julevri med julekaker nedst.

Fyll deretter på med vaniljekrem og til slutt sjokomoose (ja, du kan få god hjelp av Freia i denne biten).

Topp med frukt og bær.  

Ein god start på 2016 og den er like god dagen derpå!

På skattejakt

Ein treng ikkje alltid gå så langt for å finne bortgøymte skattar. Nostalgien og minna strøymde mot meg når eg gjekk på loftsjakt hjå besteforeldra mine i helga.


Lampa som hang i kjellarstova. Middagsbordet i eik som har dekka til tolv ved små og store feiringar. Stoffmønster frå 70-talet. Skrivepulten frå det glade 80-talet,som eg lånte og malte spygrønn då eg gjekk på vidaregåande. Den gamle symaskina som har sydd utallige sting og redda mange augeblikk. Det er mykje meir spennande med eit djupdykk på loftet enn å gå seg vill på Ikea.

Neste helg flyttar vi inn i vår nye heim. Eit rekkehus, perfekt å leike gøymsel i. Når vi utvida horisonten frå ei lita leilegheit til eit rekkehus må vi sjølvsagt ha meir husfyll. Dagens fangst på loftet skal få ein ny heim og vi skal lage fortsetjinga på historiene.

Vi er allereie i gang med å gjere gråstein om til gull.

#Denfølelsen

Eg hadde nesten gløymt kor godt det var. Den følelsen der du berre kan senke skuldrane og la det stå til. Trufaste, gamle El Paso står for kveldens gourmet. Det er tid for fredagskos.



Ein av mine favorittoppfinningar og det beste med at ferien er over er HELGA. Ikkje "tante Helga", men fenomenet med fri i to dagar og ei hurtigladning før ny veke.

I sommar gjekk dagane i surr og klokka stod stille. Måndag vart til laurdag og døgn-rytmem styrte seg sjølv. I dag veit eg eksakt kva klokka er og eg har full kontroll på datoen. Eg veit vekenummer og nedtellinga til jul er i gang. 

Kvardagen har gjort sitt inntog for fult og etter ei kræsjlanding av dei sjeldne er rutinelivet blitt ein realitet. Men det fine med dette er at den etterlengta helgefølelsen er komen tilbake. Den kan du med god samvittighet finne fram no.

Få han, ta han og nyt`an!

#Denfølelsen

Nedvask og opptur

Denne helga er glitter og stas bytta ut med mikrofiberklut og fjas.


 Vi skal tilbringe helga i salmiakkrus og Jif-odør for å ta eit gullande reint farvel med Bergen.

Dog håpar vi på opptur etter nedvask.


Eingangsfat er kjøpt inn, ferdigpizza står på menyen og liggeunderlaga er rulla ut på golvet.

Utvaskmodus er på, og tross min klutenallergi er det vel betre med litt vask i helga enn heile helga i vasken.


 Mine beste tips til helgevasken
 1. Sett på høg musikk og syng med.
 2. Bruk ekstra grønnsåpe og vaskespray (nokre gonger er det nok å sette fram ei skål med grønnsåpe).
3.Ofte held det med ein runde med støvesugaren.
4. Kjøp inn smågodt som lønn evt. motivasjon undervegs.
5. Gjer det saman med nokon så går det dobbelt så fort (og du får halvparten så mykje å vaske).

Støvesug og selg (leilighet), god helg!

Nedtelling


No er vi i gang med nedteljinga for fult. Denne sommaren har gått i bryllaupsplanlegging. Sjølv om det til tider har stått bra på så har det vore mange hyggelige kveldar. Ikkje minst er vi blitt meget gode på å lage samleband der ein klipper, ein limer og ein sett saman, er ikkje verst berre det. No er det siste innspurt før det brakar laust. Moro skal det bli!









 

Det er ein god men rar følelse at neste søndag er eg gift. Lurer på om eg kjem til å merke forskjell...

Rock`n Roll

Nordfjordeid er langt frå verdas navle, men ei helg i året blir denne vesle bygda til eit midtpunkt og rosina i pølsa for både liten og stor. Midt i juli er det tid for Malakoff Rockfestival. Ein tretten år gammal festival som starta med at nokre russ ynskja å gå på festival og no har bygd seg opp til å bli ein av Norges beste.

Det er denne helga i året dugnadsånda i bygda verkeleg kjem fram. Det er denne helga alle blir rockarar. Nokre tar på seg felleskjøpsdressen som festantrekk medan andre går med stølvar og shorts uansett vêir og vind. Det er folk i kvar ein krik og krok på Nordfjordeid disse to dagane, og det går litt over stokk og stein. Det er også denne helga eg innser at eg byrja å få litt livserfaring når stadig yngre ungdommar kjem inn på «18års-området».Og ikkje minst, det er denne helga eg konsumerer ein god del rockeburgarar med ekstra dressing. 

Eg er ikkje ein typisk festivaldeltak, om det fins ein prototype på dette. Men eg er veldig glad for at eg kan gå heim når festlighetane er over og legge meg i ein varm seng. Synes litt synd i dei som la seg inn i fuktige og kalde telt i natt, YOLO.

Eg har vore på Malakoff Rockfestval sidan 2003. Hugsa godt første året då vi var fem hundre besøkande og Surferosa var headliner. Starstruck som eg var fikk eg tatt bilde saman med vokalisten med mitt nye eingangskamera. Trur eg brukre tre av dei tjuefire bilda for å forevige augeblinken.

 

I år var det rundt 20 000 solte bilettar. Dei musikalske høgdepunkta for meg var utan tvil Emilie Nicolas, Susanne Sunnfør, Team Me og Kasers Chefs, men Thea Hjelmeland var også veldig bra.  Ikkje minst hadde ho verdas finaste jakke.

 

Stemninga i helga har vore upåklageleg og fylt med sprell, latter og song.

 

Takk for denne goagen Malakoff! Eg er allereie klar til neste år!  "Same procedure as every year".

"På bøljan blå"

Eg er for tida i ei bryllaupsboble. Dagane går i bordkort, blonder, paljettar og skriving av lister. Eg har blitt ein mester i å skrive lister og passar på å krysse ut når noko er gjort. Eine og aleine for motivasjonen sin del.



Sjølv om vi går i bryllaupståka her heime har vi tatt oss tid til litt sommar-idyll.

Her om dagen var vi på båttur med «skuta» til bestefar min.

 Eg hadde, tradisjon tru, på meg alt for lite kle så fikk låne skipsgensaren som har låge i båten frå 50-talet. Med lett duft av fisk og disel satt den som eit skot over jakka. Dagens outfit vart moteriktig med lag på lag, vintage og retro. Men varm og god var den vertfall.

 Det var lite fiskelykke denne gangen, men kanskje like greitt sidan sløying av fisk ikkje er min favorittaktivitet.

 Håpar sommaren din er god.

 

Eit lett valg

Om eg måtte valt eit plagg og eit mønster for sommaren hadde eg enda opp med ein blomstermønstrete jumpsuit eller ti. Eg kunne lett flytta inn i denne festversjonen av ein onepiece.


Makan til meir behagelig plagg skal ein leite lenge etter. Eg veit ikkje om eit anna plagg som passar like godt til fest som på sofaen og midt i mellom. Kanskje maxikjole er i den kategorien, men i jumpsuiten treng ein ikkje passe på å ha samla bein og ein har heller ikkje problem med å klatre i trær, dersom ein ynskjer det.


Blomster og klare fargar er ein sikker vinnar hjå meg og eg trur eg har litt for mange blomstrete plagg.

Fint at det er sommar og derfor ein gylden mulighet til å kle seg som ei blomstereng dagleg.

Trur aldri eg har vore særleg heldig på eit hoppebilde, men det stoppar meg ikkje i å alltid ha ein trang til å ta det.

Ha ei hoppande fin helg!

Magisk natt

Jonsokaftan eller sankthansaftan er knytta til mange tradisjonar.



Etter gamal overtru kunne ein plukke 7 typar markblomster og legge dei under puta natt til 24.juni. I løpet av natta ville ein då drøyme om sin framtidige ektemann. 

Vi tok oss ein gåtur i kveld, og eg gjore som Askeladden. Eg plukka med meg dei blomstrane eg fann på min veg.



No er planen å legge dei under puta og sjå kva som skjer. Overtrua sei vel ingenting om det er dumt at dei ligg i ein pose? 

Håpar denne magiske natta vil vise om eg har valt rett mann..

 

Sov godt :-)  

 

 

 

Bring it!

Takk og lov no nærmar det seg med stormskritt!

Akkurat no drøymer eg om lange dagar, lyse kveldar, lave skuldra, festival, masse is, god tid til trening og kvalitetstid med dei eg er gla`i. Årets ferie går til bryllaupsplanlegging, familieidyll og flytting, men ferie er ferie og sommar er sommar.

 

Sjølv om sommaren er sein i år, eg har vel enda ikkje gått utanfor døra utan jakke, så har eg trua. Det må jo bli varmare?

 

Sidan eg var 15 har store delar av sommaren gått med til sommar-jobb for å tjene til studentlivets opphald. Å ikkje ha fri om sommaren er vel den største bakdelen med å vere «evig student». Men i år, i år så skal eg berre bade i sol, nyte livet og planlegge den største festen vi nokon gong skal planlegge.

Eg gleda meg!

Håpar veka di bli super!

 

Er du klar for sommar og sol?

Gratulerer med dagen!

IMG_4610 – Kopi

I år har eg feira 17.  mai slik som før i tida. Vi gjekk saman med barndomsvenninner i toget og ting var omtrent som før, berre med eit par små sjarmørar og fast følgje på oss alle mann. Vidare har vi ete rømmegraut, tatt mange bilde og skal kose oss med kaker og is resten av kvelden. "Same procedure as every year...."

Eg er veldig glad i tradisjonar og meiner at tradisjonar er til for å følgjast.  Men eg skjønnar at vi er i ein alder og livssituasjon der tradisjonane gradvis vert endra. Eg ser fram til å halde fast på nokre av dei, men er også klar for små moderasjonar.  Tida vil vise.

Mine to favorittar.

IMG_4861 – Kopi IMG_4839 – Kopi IMG_4598 – Kopi

Bunadspullups må til.

Gratulerer med dagen og hipp hipp hurra!

 

Våryr

Det er alltid godt å komme heim til Eid. Den vesle bygda er som tatt ut av eit postkort på ein godvêrsdag.

Gjørme opp etter leggane, maur i sokkane, eit par fall og våt snø er rask gløymt når ein kan sette seg på toppen, høyre snøen smelte og kjenne at sola varmar litt.

Favorittutsikta mi.

 Endeleg er sommaren på veg og den er hjarteleg velkommen. Eg prøvde å sole meg litt i dag, men det var hakket for kaldt. Eit par veke til så tenke eg bikiniane kan få lufte seg.

Ha ei strålande helg!

Flytte-sjokk

Langhelg og sol er ikkje feil. No skal vi snart reise heimover mot fjordfylket, men først litt pakking.

Vi har snakka om å flytte ei stund, men det er først dei siste dagane det har gått opp for meg. 7 år i byen med de 7 fjell har sett sine spor, og det er rett og slett litt skummelt å flytte. Det er heldigvis eit par månadar til vi reise med flyttelasset, så vi får nyte bylivet den siste tida.

Vi driv altså å pakka, rydda i skåp og sterilisera leilegheita før fotografering. Det tar tid og er heller ikkje særleg givande. På de andre sida sett det litt perspektiv på ting, for eg har veldig mykje ting og veldig mykje kle...

Eg visste jo om det, men det er noko med når du får det rett i fleisen. Eg kan ikkje garantere shoppestopp frå denne jenta, men eg skal vertfall bli meir bevisst på kva eg har. Så moralen i dette er vel at det er lurt å få hovudet over vatn og få eit overblikk over situasjonen, bokstavelg talt...

Gullfeber

Hadde du sagt til meg for to år sidan eg eg kom til å svinge meg rundt saman med økonomane frå Luksusfellen, Ylvis-gutta og Carew akkompagnert av "Fem fine frøkner" ein laurdagskveld i mai, hadde eg aldri trudd på deg....Men aldri sei aldri, for i går skjedde det.

Det er eigentleg ganske fint at vi ikkje veit kva framtida bringer.

Først vart eg preppa og dolla av Iselin. Eg kom smilande med mineralfundation og litt lipgloss medan ho hadde med seg eit par vesker med stæsj. Ut av salongen kom eg god som ny med mykje sparkel, roser i kinna, solkyssa hud, highlights allover, lange vipper og ein god dose sjølvtillit. Ein ettermiddag med latter, sminke, hår og jordbær er ikkje feil.

 Etter omkleding og kos med finaste Susanne (min kommande forlover). Var det tid for raud løpar og mingling i Grieghallen.

Vi var så heldige å få billettar med David Andersen så vi satt i orkestergrava, heilt framme ved scena. Så der satt vi rett overfor Moods-grunderane og hadde muligheten til å ta high-five med alle prisvinnarane. Det skjedde ikkje, men eg kan innrømme at tanken streifa meg.

Resten av kvelden og natta gjekk med til bobler i gullglas, dansing med fintfolk, sliders, sladder og latter.

Livet smiler, men tippar at morgondagen blir blå.

 YOLO...

"Hopp og sprett og spring..."

I 9 år har eg fått feira verdens beste fyr 30.april.

Ein fin tanke eg har er at eg skal få feire alle bursdagane dine resten av livet.

Eg kan garantere "fyrverkeri", muffins (takk til ho Bertha), song og gåver kvar bursdag-morgon!

Flaks at eg skal gifte meg med den finaste guten eg veit om.

 

Busrdagslunsj. Håpar kaka fell i smak!

Gratulerer med dagen!

Eg kjem alltid til å vere her for deg.

Boka med nakne damer

Det er alltid stas å få pakke i posten.

Særleg når det er noko ein har gleda seg lenge til å få!

Denne veka fikk eg endeleg bestillinga frå Hong Kong, og den stod til forventningane.

Ei bok full av damer utan kle, så jobben min er å kle dei opp anstendig...

Den inneheld også mange "pose-tips".

Gjett om du kjem til å sjå nokre av disse på bloggen framover.

Eg gleda meg veldig til  sette meg ned med den nye favoritt-boka og skisse antrekk på antrekk time etter time.

 

Tattoo-flashback

Eg har lenge hatt lyst til å prøve "metallic-tattoo"-trenden, og i går tøffa eg meg med både tatovering og blomsterkrans.

Når man først skal pynte seg, så kan man like så godt ta litt av.

Det var ein nostalgisk følelse å klippe ut tatoveringa, legge den på huda med ein våt klut og dra forsiktig av papiret.

Minner frå tatoveringar i Kaptein Sabeltann-is, Tom og Jerry-kjeks og ikkje minst Spicegirls-pakkar kom strøymande.

Og ja, det var like kjekt 20 år etter.

 

I håret hadde eg ein heimelaga blomsterkrans.

Eg kjøpte plastblomster på Ikea og limte dei fast på eit hårband/strikk.

Det skal ikkje meir til.

 

Dagen derpå

I går hadde vi overraskingsbursdagsfest for min kommande mann. Eg trur (les veit) at han vart overraska, sjølv om han påstod at han hadde skjønt det var noko på ferde.

Eg hadde ikkje sagt eit ord, men kroppsspråk seier kanskje meir enn ord?

Uansett vart det ein vellykka kveld, med godt selskap!

Takk for i går!

Mitt nye glis

Då showbirds, med Jenny Skavlan i spissen, var på besøk på Eid fikk eg verdens beste overrasking og før-bryllaups-gåve.

Foto: Maria Hjelle

Eg fikk ei "Janome-superduper-symaskin" aka Janome 8900 QCP.

Med ei toppfart på 1000 sting i minuttet, led lys, x-antall sting-typar og touch-skjerm er det inga utfordring som er for vanskelig for gliset mitt.

Det står kanskje litt dårlegare til med sy-kunnskapane mine, men dei kjem seg.

Eg er vertfall veldig klar for å lære meir, og ser dagleg nye muligheita med min nye favoritt-dings.

Foto: Maria Hjelle

Foto: Maria Hjelle

Tusen takk Janome.

Symaskina er flittig i bruk.

Max flax

Gjekk forbi ein maxikjole i helga som eg berre "måtte" kjøpe sjølv om den var altfor stor.

Sidan eg er omtrent same størrelse som alle andre skjer det ofte at plagg på sal er utselt i min størrelse. Heldigvis har eg ei symaskin og det manglar heller ikkje mot til å prøve og feile. Eg kjøpte derfor kjolen, 4 storleikar for stor, og sydde den inn på sidene. Med eit belte i livet er den no god som  ny og plutselig i rett størrelse, sike kjolar skal jo vere litt lause i passforma.

Det fine er at det ikkje skal så mykje til, er det eit plagg du ikkje er så redd for skadar det uansett ikkje å prøve.


Enkelt og greitt

Eg er ingen syerske så dette er sikkert ikkje etter boka, men til mitt bruk går det heilt fint å gjere det på denne måten:

1. Ta på deg plagget på vranga og fest nåler i sidene eller bak, alt ettersom kvar du skal sy inn plagget.

2. Mål opp slik at du syr inn like mykje på begge sider og teikn på plagget med kritt eller liknande.

3. Sy langs den teikna linja.

4. Prøv plagget på, om det ikkje passar enda så kan du berre rekke opp (så lenge du ikkje har klipt noko sund så er det framleis ein veg tilbake).

5. klipp vekk unødvendig stoff, og sy over kantane med sikk-sakk eller overlock.

Eg tok ein sjanse...

Eg er kjempeheldig som får bli med på denne brudekjole-reisa og all merksemda som følgjer med er veldig hyggelig og overveldande.

Mange har spurt meg "Korleis har du fått det til?".

Svaret er; "Eg tok ein sjanse".


Dei siste åra har eg tatt ulike val som kanskje ikkje var "forventa" av meg. Eg har hoppa frå ein trygg og stabil jobb til nye utdanningar og prosjekt. Eg har fått erfare ting som før kunne virke uverkelege. Eg har tatt mot til meg å snakka med mange spennande menneske. Eg har hatt tid til overs for å vere med familien min heime på Eid, og slik kan eg halde fram.

No, i skrivande stund,  sit eg her med eigen blogg og skal gifte meg med verdens beste fyr om tre månadar.

"Korleis har dette skjedd?".

"Eg har turt å satse, ta val og stå for det".

Eg kan sjølvsagt også nemne uendelige mange nedturar, nei, tårer og frustrasjon, men det blir bagatellar når ting går oppover.

Eg var på eit jobbintervju førre veke og dei spurde meg "Kva er du mest stolt over å ha oppnådd?".

"At eg har turt å ta sjansar", sa eg med eit stolt smil.

Om eg får jobben er framleis uvisst, men eg kjem nok til å ta sjansar resten av livet uansett.


Sjølv om dette brudekjoleprosjektet akkurat har starta har det fått bra mediedekning. Det er også veldig kjekt å sjå at bloggen får fleire klikk og at mange kjem tilbake fleire gongar.

Det mest spesielle denne veka var å sjå bilde av meg og Jenny mellom artiklar om kongelige og "Kardashian". Og alt dette fordi eg viste Jenny den halvflaue-skisseboka mi og tok ein sjanse.

Det eg prøvar å få fram er ikkje nødvendigvis kor heldig eg er, men å vise at det å ta eigne val, hoppe ut av trygge mønster, ta en egotrip og gjere det ein har lyst til kan opne mange spennande dører.

 Ha ein fantastisk søndag og ta ein sjanse! Kem veit kva neste veke vil bringe!

 "Sikt mot månen, sjølv om du bommar havnar du blant stjernene"


Her har eg samla artiklane om brudekjoleprosjektet frå BA,  FIRDA,  FJORDABLADET og SEOGHØR.

 

TGIF

Fredag betyr friske blomster. Ein fin tradisjon og ein god start på helga.

Det er sol, himmelen er blå og solstrålane varmar både kropp og sinn. Føler på meg at denne helga blir bra!

Håpar du får ei strålande helg i det fine vêret!

Eg har ein ting for frynser så trur at neste syprosjekt blir å sy på nokre slike på ein topp eller kjole. Enkelt og veldig fint!

 

Snart sommar?

Eg lengtar veldig etter sol og sommar om dagane.

Når det er frost, snø, regn og hagl midt i april blir eg litt lei, men då er det veldig kjekt å gå forbi slike dekorative sommarfuglar midt i Bergen by.

Glad for at nokre fine menneske pyntar trea når trea ikkje kan pynte seg sjølv...

Sy-søndag

I dag tidleg vakna eg av regn og hagl mot ruta, men det beste med ein grå søndag er at ein må kose seg inne. Eg tok meg ein tur på mørkeloftet og fann fram stoff eg har gleda meg til å klippe i.

Eg er no i gang med å sy ein maxikjole med eit spenstig mønster og blonde detaljar. Mønster og oppskrift kjem etter kvart.


Håpar søndagen din er super!

Vår i lufta

Endeleg er våren godt i gang og vi går mot lysare tider. Nokre av vårteikna eg likar best er fornøgde smil, mysing mot sola og at ein kan gå med lettare kle ute.

Flaks at eg har sydd eit par nye bomber-jakker som eg gleda meg til å lufte. Dei passar perfekt når det vårast og enda betre er at ingen har lik.

 


 Mønster og stoff er kjøpt på stoff og stil.

Dagens utsikt

I dag gjekk turen til hytta på Stadt.

Utsikta her er heilt fantastisk og viser verkeleg vestlandet frå si beste side.

Med på turen var blandt andre Max Obelix, bedre turkamerat skal ein leite lenge etter.

Sypåske

Med ny symaskin og masse inspirasjon har skia fått vore i fred så langt i påska. Eg har  nemleg fått meg ein ny favorittdings som eg har hatt mykje kvalitetstid med i det  siste.

Tusen takk Janome!


Håpar du har ei fantastisk påske med eller uten ski på beina.

GOD PÅSKE

Då var påskeferien i gang og livet smiler.

Kva er vel bedre enn rolege dagar, vår i lufta, god tid saman med dei man er glad i og unnskyldningar for å kose seg litt ekstra.

 

 


Ynskjer deg ei riktig god påske!