hits

Bryllaup

Sveisen flette og snasen tøtte!

Innlegget inneheld prduktplassering.

I april ringte det eit ukjent nummer. Eg tok telefonen med ein litt halvkrass stemme, klar til å avfeie selgaren. Det eg ikkje visste var at dette var starten mange hyggelige stunder. «Hei, det er Iselin, stylisten din», sa ei vennleg bergenstemme, langt i frå den bergensstemma som ein forbinder med Davy Watne. Dette var starten på mykje latter, inspirasjon, opplevingar og ikkje minst ei fantastisk brudefrisyre toppa med enkel sminke, eller Make up som sikkert Iselin ville sagt.

Det er ikkje å stikke under ein stol at eg og Iselin kjem frå to ulike verdar. Eg hugsa framleis reaksjonen hennar når eg sa at håret mitt var ufarga og eg ikkje brukte så mykje tid på sminke. «Hæ? Har du sann jomfruhår?». Vi braut ut i latter og slik haldt det fram.

Ei nydelegare, sjølvironisk og meir tolmodig jente skal ein leite lenge etter. Vi prøvde ulike stilar og laga fleire moodboards på Pinterest, men det var liksom noko som mangla. Ein månads tid før bryllaupet, tikka det inn ein mail frå Iselin med verdas finaste flette dekt i blomster. Vi laga vår eigen versjon og Iselin kan trylle, for finare frisyre har eg aldri sett. Sminka hald vi enkel etter ønske frå #brura

 

Tusen takk for at dokke valte den beste Wearhouse-Gorgious London. Tusen takk for inspirasjon, latter, tolmodighet og ein fantastisk brudelook Iselin Styve!

 
Foto: Martin Håndlykken

Foto: Martin Håndlykken

Foto: Martin Håndykken

Kva synest du? Korleis var din brudelook? Eller har du ein favorittlook?

I morgon kjem det meir detaljar rundt kjolen, klikk deg inn om du vil!

Flower power

Foto: Martin Håndlykken

Innlegget innheld produktplassering.

Kvart einaste år dyrka bestefar min fram flotte hekkar med ertrebomster. Fargane, lukta og fasongen på disse har alltid fasinert meg og minne meg om sommar. Det var derfor ekstra kjekt at eg kunne ha erterblomstrar i brudebuketten min. Anders, eg og bestefar min (saman med Jenny og filmteamet på nakken) plukka disse dagen før bryllaupet. Sjå meir her eller på Jennyskavlan.com. Dei heimelaga og velduftande blomstrane vart brukt i brudebuketten og i blomsterkransen.

Bryllaupet vart eit blomsterhav med alle mine favorittblomstrar i ulike duse fargar, det skal kreative og dyktige Mariell Lopez frå Mestergrønn ha æra for.

Eit par månadar før bryllaupet snakka eg og Mariell om korleis eg såg for meg blomstrane. Vi delte nokre Pins og saman vart vi einige om korleis det heile skulle sjå ut. I Oslo møtte eg ho på Mestergrønn og vi la ein endeleg plan.

Dagen før dagen kom Mariell med eit blomsterhav eg aldri har sett maken til. Det var meir blomster enn den vesle bygda Nordfjordeid hadde tatt inn heile det året. Når blomstrane var ut av bilen vart vi alle mann med på å lage små bukettar.

På førehand hadde vi hatt eit familieprosjekt der vi gullspraya store mengde med glassflasker og syltetøyglass. Kjende og kjære hadde glassinnsamling i kjellaren og etter ein runde med Zalo, rødsprit og gulltagging var "vasane" gode som ny. .


Kyrkja var også fylt opp av små flotte bukettar på benkeradene laga av Mariell. Disse hang i smootieglas som tanta til Anders hadde samla på. 

Foto: Britt Merete Aase


Foto: Britt Merete Aase

Foto: Martin Håndlykken

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

 Enorm stor takk til Mariell og Mestergrønn som verkeleg gjorde dagen vakker!

Over helga skal eg gå i detalj på korleis vi laga kjolen frå ide til ferdig resultat.

Ein ekstra merksemd

Til bryllaupet laga eg ein liten handsydd merksemd til alle gjestane. Eit symbol på at vi satt stor pris på kvar og ein.


Eg sydde små blondeblomar med strier, satengstoff, silkeband, perler, sikkerhetsnåler/klemmer, nål, tråd og vintageblonder. Eg byrja med å klippe til delane og hadde fleire små boksar med ferdigklipte delar i. I eit halvt år var dette handarbeidet mitt og fast inventar i veska. Eg hadde boksen med meg i parken, i bilen, i senga på stovebordet, i sofaen og på flytur.

Det gjekk ikkje ein biltur utan at eg hadde laga nokre blondeblomster. Eg fikk heller ingen tilsnakk om at bilen var full av trådar og perler til ein kvar tid. Lenge leve «happy wife- happy life»-prinsippet.

 

Mansjettblomstrane

Mansjettblomstrane til menna er laga ved at eg klipte ei remse med sateng. Trokla rundt og stramma slik at det vart forma som ein blomst. Eg la deretter vintageblonder rundt og opprivne strier i midten. Vidare festa eg ei rektangelforma strie rundt. Tvinna silkeband rundt stilken og samstundes festa sikkerhetsnåla.

Blondeblomstrane

På blondeblomstrane til damene byrja eg med å trokla rundt ein sirkel i sateng, stramma til slik at det vart ein slags pose. Sydde ei perle i midten for at det skulle sjå ut som ein blome og sydde på blonder rundt. Eg avslutta med å feste ei klemme i ein liten sirkel med strie under blomstren.

 

Dersom du vil ha ei meir grundig forklaring er det berre å gje ein lyd.

Eg kan også prøve å ta nokre betre bilde når vi har fått rydda opp i bryllaupskassa vår. 

My precious

Eg blir litt som Gollum og får ein god følelse inni meg når eg ser at det glinsar frå handa til «my precious». Bryllaupsdagen var over på null komma niks, men ringane dei skal vi ha på «oss for alltid». Det er ganske fint å gå rundt med eit symbol på at vi to høyrar saman. Ekstra kjekt er det at disse ringane snart er 40 år, men i vår eigen og i årets versjon.


Slik som brudekjolen, ligg det mykje symbolikk og historie bak gifteringane våre. Foreldra til Anders gifta seg i 1977. På det glade 70-tallet var motebildet prega av det litt overdådige, også på gifteringfronten. Kort fortalt kjøpte min svigerfar nokre "gullbarrar" til gifteringa og enda på den historia var at dei kjøpte seg nokre smalare på 80-talet.


Då vi kom med det glade bodskap om at vi skulle gifte oss, var vi så heldige at vi fikk tilbodet om dei gamle gifteringane til min mann (framleis veldig uvant tiltale) sine foreldre. Redesignaren i meg vart med ein gong tent på tanken om å lage våre eigne ringar. At det skulle vere med utgangspunkt i familiearven, var heilt perfekt.


Vi kontakta vidare ein dyktig lokal gullsmed (Katrine Berg, Bergart) og fortalde ho korleis vi ønska ringane. Ho laga om ringane til oss og no sit dei bom fast på ringfingeren med inngraveringa;  «OSS FOR ALLTID 1.8.15». To unike ringar som ikkje er masseprodusert, men sjølvlaga, full av historie og symbolikk. Anbefalast!






Har du eit smykke som betyr noko ekstra for deg? Eller har du kanskje redesigna eit smykke du også? Eg set stor pris på kommentarar og tilbakemeldingar.

Håpar du har ein fantastisk seinsommar!

"Fly me to the honeymoon"

Denne veka har vi farta land og strand, bokstaveleg talt, langs den franske rivieraen.

Dei såkalla hvetebrødsdagane har med andre ord bæra preg av baguettar, pariserloff og crosaint.

Eg valte å kle meg som ein pilot før avreise og straks vi kom til Flesland var handbagasjen full av Malteeser. Dei vart sjølvsagt konsumert under ventetida og før take off. Anders, min mann, fann ut at det var like greitt å skifte til fransk aksent allereie før avreise og slik hadde vi det gåande. Så satt vi der på flyet, eg med munnen full av malteeser og han i ein parfyme-os frå Tax free.


Vi byrja i Nice.

Sidan vi kom til stranda litt utpå dagen var det ikkje så mange solsenger igjen. Ei av oss ville absolutt ikkje ligge og steike seg saman med alle andre; «Det var tross alt ei bryllupsreise» (ei setning som eg brukte litt for mange gongar denne turen).

Sum av summarum enda det opp med at min betre halvdel blåste opp to luftmadrassar til oss eit par meter frå folkemassane. Det som kanskje ikkje var heilt planen var at ei fransk aleinemor skulle komme med alle sine søte små akkurat der vi var. Dermed fikk vi inkludert avkjøling med jamne mellomrom, når ungane sprang kliss våte forbi. Vi fikk servert kortreist mat, då dei klarte å finne slimete små fisk som dei drog med seg opp. Og vi fikk full underholdning, taffelmusikk og show, med både latter, leik, skrik og song.

Vi bestemte oss for å trekke oss roleg tilbake etter ei stund. Eg fann ut at eg ikkje trengte å ta lufta ut av solsenga slik at eg kunne bruke den seinare. Enden på den historia var at Petter Smart måtte ta lufta ut når vi kom til hotellrommet, for det var ikkje så populært at ein måtte balansere på ein halvskitten plastikksekk halvfull med luft for å komme seg til badet. Før eg kom meg så langt, hadde eg gløymt at det var eit stykke frå stranda til hotellet. Eg hadde heller ikkje i tankane at vi var i ein ganske fasjonabel storby. For den som gjekk i flippflopps med ei 2 meter lang bademadrass under armen gjennom handlegata, midt i rushet, det var meg. «Det var tross alt ei bryllupsreise».

Dag to hadde eg ein plan om å finne ei aude øy, slik som ein ser på film.

Vi hadde ikkje båt og bilen skulle vi ikkje leige før dagen etter så då vart det sykkel. Kort summert sykla vi 1 mil i 30 grader, Anders blåste opp madrassene på ei offentleg stein-strand og vi sykla tilbake i 40 grader. Aldri har eg sveitta så mykje og sykla så seint, men vi var begge einige om at det hadde vore ein fin tur.





Resten av turen leigde vi oss kabriolet.

Det første vi gjorde var å motsei GPS-en, kanskje ikkje det luraste vi har gjort, men vi vart godt kjend i byens bakgater.

Bil utan tak høyrer med på rivieraen og ser ganske kult ut. Etter Monakko-besøket skulle vi køyre mot St. Tropez. Vi forvilla vi oss ut på motorvegen (framleis ikkje heilt dus med GPS-en) og plutseleg opna himmelen seg. Kabriolet i god fart på ein fem-felts motorveg med ope tak og høljeregn blir vertfall ei god historie i etterkant.



 






Bryllaupsreisa var fin og reisefølgjet var av beste sort!

Kall meg gjerne kjeisam men ein av dei beste minna frå turen er då vi kjøpte inn is, sjokolade og digg som vi åt i senga medan vi såg på film. Det enkle er ofte det beste («Det var tross alt ei bryllupsreise»).

Vi har også fått rikeleg påfyll av D-vitamin og treng ikkje ta tran før langt ut på hausten.

Starten på livet som herr og fru har vore bra og eg gleda meg til fortsettinga.

Håpar sommaren din har vore minneverdig!

Min sommar kjem eg aldri til å gløyme.


Hurra for kjærleiken!

Måndagen har aldri vore meir blå, men eg svevar på ei rosa sky er overlykkelig og veldig fornøgd med livet.


Foto: Martin Handlykken

No er vi vel gift og vi har hatt ei strålande helg. Bryllaupet var magisk og vi er evig takknemleg for at ein stor draum er gått i oppfylling.



 Brudekjolen og alt anna snæks frå bryllaupet kjem på bloggen etter kvart.

Om ikkje lenge vert også brudekjole-serien lansert på side2.no og jennyskavlan.com.

 

No loggar vi av ei lita stund og tar oss ein tur til Frankrike (kjem sikkert litt oppdateringa på instagram: @annemalinaase).

Ha ei strålande veke!

For å skryte



Eg kjem aldri til å stå aleine. Eg kjem aldri til å ikkje ha nokon å snakke med. Eg kjem aldri til å vere einsam! Eg blir alltid støtta, så lenge det er mitt val og noko eg brenn for. Eg har folk som alltid stiller opp.  Eg har nokre fantastisk fine jenter i livet mitt, og der skal dei vere lenge, kanskje for alltid!



For å skryte så har eg verdens finaste venner. Eg har eit team i ryggen som er der uansett. Eg er veldig stolt over vennane mine og i går arrangerte dei utdrikningslag for meg.



Heldige meg som har vennar eg verkeleg er gla`i. Tusen takk for i går!

Dokke fortjena kun det beste!

Eg gleda meg til nye sprell framover!!

Terningkast 6

16. juni 2005 møtte eg mannen som eg er så heldig å få dele resten av livet mitt med.


Foto: Britt Merete T. Aase

Eg var 16 år, uredd og gira på livet. Det var sommaravslutning for 1. klasse ved Firda vidaregåande skule. Eigentleg var eg interessert i kompisen hans, men heldigvis enda kvelden med at eg møtte ein storsjarmør. Han gjekk idrett og eg gjekk musikk, så han var ein av dei tøffe gutta og eg var kanskje hakket meir alternativ. Etter ein sommar med sms og Blink, dette var før Facebook si tid, fann vi saman.

 

Dette var starta på vår romantiske komedie som har bert preg av opp og - nedturar, kleine augeblikk, klisjear, feile val, ulike tvistar, mykje omtanke, turbulens og latter. For på same dato som første gong vi møttest, 9 år etter, spurte Anders om eg ville gifte meg med han. Sjølvsagt ville eg det, og kjolen var allereie påtenkt, så trur ikkje han vart overraska over svaret.

 
Foto: Britt Merete Aase

 Vi hadde altså bestemt oss for å gifte oss før vi vart forlova. Det er kanskje ikkje etter boka, men for oss passa det seg slik. Tida flyr i godt lag og kvardagen ber framleis preg av kjærleik, latterkrampe, gleder og mindre hyggelige diskusjonar.   

No har vi vore forlova i eit år og det følast veldig bra.

Eg ser fram til fortsettinga! 

Flowerpower

 



Eit hav av dei finaste blomstrane eg veit møtte meg på Mestergrønn laurdags morgon.

 

Før vi møtte Mariel hadde eg laga nokre inspirasjon-blomstertavler på Pintrest. På den måten utveksla vi tankar og idear på førehand.

Eg er veldig glad i den bohemske stilen; at det er litt tilfeldig og har eit markblomsterpreg.

Trur det blir midt i blinken!



Det kjem til å bli eit blomsterhav i bryllaupet og eg gleda meg veldig til å sjå det ferdige resultatet. 

Så levde dei lykkelig i alle sine dagar!

20. mai 1961 gifta besteforeldra mine seg.

Dei har altså imponerande 54-års bryllaupsdag i dag og er like flotte no som den gang.

 Mommom og Bestepappa (ja, eg kallar dei det), gifta seg på Pinseaftan, ein strålande vårdag på Nordfjordeid. Dei har fortalt meg at dei "delte" kyrkja med eit anna brudepar og feira bryllaupsfesten heime i stova.

Vi skal ha ein litt anna bryllaupsfeiring, men eit par ting blir likt. Vi skal gifte oss i same kyrkje og eg skal bruke delar av brudekjolen til mommom.

Gratulerer med bryllaupsdagen, eg er heldig som har dokke.

Håpar mitt ekteskap blir like langt og godt.

Her kan du lese meir om den unike sjølvsydde brudekjolen til bestemor mi, som snart skal bli til min.

Velkommen

No er invitasjonane sendt rundt. Det tok nokre timar å lage dei, men det var verdt strevet.

Utgangspunktet var eit 200 grams papir som vi kopierte opp med den teksten vi ville ha. Det same gjorde vi med informasjonsarket i midten. Vidare stempla vi gullstempel på kvart enkelt kort, la strier, blonder og hamptråd rundt før vi dekorerte med ein handlaga papirblomst og bilde.

IMG_0215 – Kopi

Litt av alt

Eg byrja tidleg å planlegge bryllaupsinvitasjonane.

Eit av kriteria var at dei skulle vere handlaga, samt kvar og ein skulle vere unik.

 

Eg fann inspirasjon på Pinterest, i magasin og frå andre invitasjonar.

Etter litt prøving og feiling vart eg strålande fornøgd.

Ekstra godt likte eg at vi fikk blanda mange ulike material i same invitasjon,

litt blonder, litt grovt papir,

litt fint papir, strier, hamtråd og håndlaga blomsterroser, alt i ein.

Ein kan vel trygt sei at eg ikkje lev etter "less is more"-prinsippet...

Følg med så kjem dei ferdige invitasjonane ut på bloggen før du veit ordet av det.

 

Ha ein fin dag!

Godkjent

 

I dag har vi prøvesmakt middagsmenyen til bryllaupet.

Det var litt rart å tenke på at neste gang vi et denne maten er det som "herr" og "fru",

komponert med følelseslada talar

saman med alle vi er glad i,

på den største festen vi nokon gong kjem til å arrangere.

Og dette skal skje om 90 dagar...


Det går litt tid til planlegging om dagen, men eg trur vi har grei oversikt foreløpig.

Vi har vertfall laga mange "to do-lister".

Ha ein fin laurdagskveld!

 

Roser i stoff

 Eg har eit ønske om å pynte med blant anna stoff-blomster i bryllaupet.

Gjerne med eit vintage-preg i blonder, tyll, silke og med perler.

Utfordringa er at eg ikkje har mønster eller noko å sjå etter.

Eg driv å laga diverse utkast for tida, men er førebels ikkje heilt fornøgd...

Har du tips til oppskrift?

 

Check!

Denne veka har vi fått kryssa av litt punkt på «to do-lista» til bryllaupet. Dei store tinga som lokale og kyrkja har vore klar lenge, men no byrja også ein del småting å felle på plass.

Alle invitasjonane er snart sendt rundt, hår og sminke er testa og på måndag bestilte vi bryllaupsreise. Eg ser verkelig fram til ein tidagars ferietur med sol og varme.