hits

Brudekjolen

Prinsessekjolen

På januarsalet i fjor kjøpte eg ein enkel kvit barnekjole med stroppar. Med litt glitter, blonder og ekstra stoff vart den til brudepikekjolen, enda finare enn dei du får kjøpt på brudesalongar (etter mi meining vertfall).

 

Foto: Martin Håndlykken

Det var først i juli, ein månad før bryllaupet, at eg visste korleis min brudekjole vart så då tok eg fatt på brudepikekjolen, vi måtte jo ha «matching».

Det fine med heilt enkle kjolar er at ein kan forme dei som ein vil. Eg sydde først på nokre korte arma i eit tynt kvitt stoff og deretter sateng kantband langs armane, det same som på brudekjolen.

Deretter tok eg blonder frå 60-70-og 80 tals-kjolen, perlebroderi frå Grønland og litt av den pynten Jenny Skavlan hadde på sin brudekjole. Hummer og kanari-filosofien lenge leve! Eg "trokla" alt på kjolen først slik at eg kunne eksperimentere med korleis resultatet skulle bli.

Når ho skulle prøve brudepikekjolen var eg litt spent om den passa. Reaksjonen, «Det er jo en prinsessekjole» og eit stort glis fortalte meg at også den vesle bruda var veldig fornøgd med resultatet.





Totalpris på brudepikekjolen vart i underkant av eit par hundtrelappar. Med litt nytt, litt gamalt, nål og tråd kjem ein langt.

Her kan du sjå filmen Brura!

"I mine gyllne skor"

Eg leita ei stund etter dei perfekte bryllaupsskoa. Dei kunne ikkje vere høgare enn 5 centimeter, då kjolen ikkje var lenger enn den måtte. Eg ville gjerne ha dei i sateng, men ikkje slik som «alle andre» har. Eg enda derfor opp med utstillingsmodellen til ein utgått modell og laga min personlege vri.







Mamma hadde spara hår-pynten sin frå 80-tallet og eg såg det som ein gylden muligheit å bruke dei på skoa. Eg tok derfor å limte dei bakpå hælen.







Dette kan du gjere på alle sko. Ei fin brosje, ein øyredobb, ei sløyfe eller liknande passar fint på skoa. Eit par minutt og litt kreativitet får skoa ein personleg vri.

 

Frå start til slutt

Ingen av dei tre brudekjolane eg ynskja å gifte meg i var draumekjolen. Men med rens, kreativitet, inspirasjon og mange timar med søm vart gråstein til gull.


Foto: Martin Håndlykken

Eg byrja tidleg i prosessen å teikne ulike skisser og klipte ut diverse brudekjolar på nettet. Når Jenny kom til Eid fikk vi sortert tankane og skissa eit utgangspunkt. Vi vart einige om å bruke den enklaste kjolen (svigermor sin) som base og krydre med dei andre. Sidan den hadde god passform trengte vi ikkje gjere noko med fasongen. 

Eg hadde også leika med tanken om å gifte meg i ein kort brudekjole, slik som mommom. Sidan eg er ganske tradisjonell av meg synes eg at det passar best med lang kjole under seremonien. Her kjem det fine med å lage sin eigen variant; ein kan få det akkurat slik ein ynskjer. Vi bestemte oss derfor å lage eit skjørt av 60-tals kjolen som eg kunne bruke til kaffien. Perfekt å svinge seg i svansen etter ein lang dag.




Når eg henta kjolen i Oslo var bløtkaka klar til å pyntast. Vi kjøpte flotte blonder frå Rainbow tekstil som vart sydd på rundt livet, og rundt halsen. Deretter laga eg rosettar av alle dei tre brudekjolane som eg festa tett i tett på skuldrane. Its all inn the details. Her følgde vi; jo-meir-jo-betre-prinsippet for å få eit voluminøst blikkfang.

 

Dersom eg skulle gjort noko annleis ville det ha vore å reinse kjolane før vi byrja å sy på dei. Då har ein eit finare utgangspunkt og det vert lettare for reinseriet. Kanskje det er berre ein reins og litt pynt du treng for at den gamle kjolen skal bli din draumekjole?

 

At vi brukte alle tre kjolane og kombinerte dei betydde enormt mykje for meg, og damene bak.

Les meir om framgangsmåten og detaljar på Jennyskavlan.com.

Eg lagde også min eigen variant av brudeskoa og brudepikekjolen. Kjem snart på bloggen om du vil sjå.

Tusen takk!

Tusen takk for ei draumereise!




Foto: Martin Håndlykken

Takk for fantastisk inspirerande hjelp Jenny!



Takk for verdens finaste hår og sminke Iselin Styve (Gorgeous of London).

Takk for nydelege blomster Mariell Lopez og Mestergrønn.

Takk for at dokke hadde trua Showbirds!

Du finn meir på Jennyskavlan.com og du kan sjå meir her (skroll i veg).

Dei nermaste dagane skal eg gå meir i detalj her på bloggen, for den spesielt interesserte er det berre å følgje med.

Det ordna seg til slutt

Ein månad før bryllaupet reiste eg spent og forhåpningsfull til Oslo for å hente brudekjolen. Eg og Jenny hadde snakka om korleis brudekjolen skulle bli, og forventningane mine var skyhøge.


Som alltid vart eg møtt med eit stort smil og strålande gjestfrihet. Vi møttest først ved skreddaren, som hadde tatt på seg litt for mykje når han sydde på perlebroderiet. Heile kjolen var krøllete og delvis gul frå vasken. Stoffet var tatt frå tre gamle kjolar og det kunne ein lett sjå. Kunne dette bli draumekjolen?

Jenny hadde gjort ein fabelaktig jobb frå skisse til ein unik base. Då vi kom til leilegheita hennar og snakka om planane vidare fikk eg også ein ny giv. Jenny viste meg vidare korleis eg kunne rette på perlebroderiet og lage rosettar av blonderestar.Eg trøkka brudekjolen ned i handbagasjen og planla allereie på veg til flyplassen korleis eg skulle gripe det heile ann.

Dagen etter byrja eg med å rette opp igjen perlebroderiet. Den kommande veka bar preg av perler, blonder, sying, latter og sjokolade. Brudekjolen vart eit familieprosjekt. Dagane og kveldane der vi satt og laga små blondeblomster av brudekjolerestar er minner eg aldri ville vore forutan. Resten av bryllaupsplanlegginga fikk ikkje ein tanke og vi storkosa oss under prosessen.


Vidare sendte vi kjolen på reins. Stakkars dama som skulle reinse den, for eg var ganske så tydeleg på kor mykje historie og energi som låg i kjolen. Då vi henta brudekjolen hadde dei verkeleg gjort ein fabelaktig jobb. Alt gulskjeret var vekk og kjolen var god som ny. Ingen kunne sjå at det var ein eldgammal brudekjole.

Eg enda opp med draumekjolen og eg ville ikkje ha bytta for noko i heile verda. Det var ei fantastisk reise og eg har opplevd meir enn eg kunne draume om. Dette gav meirsmak og inspirasjon.

Ville du gifta deg i ein gamal brudekjole? Med god hjelp på vegen kan det fort bli perfekt, eg snakkar av erfaring.

 Gler meg til å vise delar av reisa på jennyskavlan.com i morgon.

Spent og glad kan eg avsløre at...

«Eventyrbryllaup byrja ofte med eit frieri, men i mitt tilfelle var starten på eventyret ei kreativ og inspirerande bestemor, to heimelaga brudekjolar og eit bildeoppslag av Jenny Skavlan i Se og Hør.»

 
Foto: Britt Merete Aase

Eit lite halvår etter bryllaupet skal vi dele vår historie. Historia om tre gamle brudekjolar, ei overivrig kommande brud, hennar famile som ikkje visste kva dei gjekk til og ein veldig tolmodig mann. Reisa frå inspirasjonsboka og stalkinga av Jenny Skavlan i mai 2014 til ei minneverdig bryllaupsfeiring august 2015  er godt dokumentert og på fredag kan den som vil sjå filmen!

Eg kjem til å legge ut diverse frå førebuinga dei kommande dagane, men om du vil ha meir no kan du lese og sjå bilde her, skroll i veg så finn du det meste under kategorien "BRUDEKJOLEN".

Alle skal få (sjå)

Det var ein gong, for ikkje så veldig lenge sidan, at Askepott fikk store draumar oppfylt.


Foto: Martin Handlykken

Askepott kom frå ein stad langt, langt borte, ja for nokre kanskje lenger enn langt. På denne vesle staden var ho berre ein fergetur unna Askeladden, som seinare viste seg å vere draumeprinsen.

Etter nokre år klarte han å målbinde henne og det skulle feirast bryllaup. 

Askepott hadde ein tanke om den perfekte brudekjolen, men korkje snakkande fuglar eller magiske nøtter for å lage den.

(Sjå frå 1.min ut i filmen under.)

20DF6U1HcGQ

Film frå filmweb.no

 

Askepott derimot, hadde tre kvinnelege forbilde. Tre damer i nær familie som berre ville ho godt. Desse inspirerande damene hadde tre brudekjolar med tre unike historier. Draumen til den vordande bruda var å "sy" kjolane, familiane og historiene saman (bokstaveleg og biletleg talt).






Askepott trudde lenge at draumen ikkje kunne bli verkeleg og at ho måtte ende opp i ein polyesterhaug frå Kina på den store dagen.

Men den gang ei.

Då alt såg mørkt ut kom den gode feen , som ein frisk pust i ei sky av blonder og glitter.  Askepott manna seg opp og ba fint om råd. Askepott såg seg fornøgd med det. Ho visste ikkje at dette berre var byrjinga.

Den gode feen ville hjelpe Askepott. Det eine førte til det andre og Askepott fikk seg ei reise ho aldri vil gløyme.






Eg kan ikkje avsløre alt. Men også dette eventyret enda på tradisjonelt vis, sjølv utan glassko og gresskar.

I eventyrets ånd kan du sjå denne historia på snart nett! 

 Nett-tv serien om brudekjolen blir lansert i september!

 

Følg med her, på side2.no og jennyskavlan.com.

Utgangspunktet

Brudekjolen heng no trygt på soverommet mitt.

Den kom seg heilskinna gjennom rens og vask, så no er den snart klar for å sjå dagens lys.



Eg er veldig nervøs på korleis den blir mottatt,.Sidan vi har "hausa " denne kjolen opp i skyene kjenner eg litt ekstra på presset.  

Brudekjolen er verken ein  "polyesterhaug frå Kina" eller den typiske 2015-brudekjolen. Kjolen er enkel og fin med (naturleg nok)eit vintage preg. Det finaste med kjolen er symbolikken og det som ligg i bakhand.  

Eg gleda meg til å vise den fram. Synes det er kult å kunne føre på CV`en at eg har sydd min eigen brudekjole.

 

Tenkte å vise dokke dei første skissene som Jenny teikna etter ho hadde sett kjolane for første gang.

Har du ein favoritt?




NB! Det er ingen av disse som vart den endelege skissa, men ein kombinasjon av fleire.


.

Håpar du nyt dei siste dagane i juli! Snart blir det bryllupsbonanza og bridezilla-overload på bloggen.

Det er heller ikkje lenge til brudekjole-serien kjem på NETT-TV.

I mål

I dag har eg sydd siste stinget i brudekjolen min.  


Då eg var i Oslo for eit par veke sidan fikk eg med meg kjolen og sulle ta sjarmøretappen på kjoleeventyret. Denne veka har eg kosa meg med finpuss og pynta kjolekaka med «hummer og kanari». Eg har brukt blonder frå Grønland, litt «pynterestar» frå Jenny sin kjole, stoff frå mamma, - bestemor og - svigermor sine kjolar for å dekorere. Alt er sydd på for hand i ein frodig samansurie av detaljar. Litt av alt, slik eg lika det.

Kjolane har budd bakerst i klesskapet i 50, 40 og 30 år. Dei siste tre månadane har dei sett verda og reist frå land til strand. Reisa starta på Nordfjordeid, deretter i ein bag med nattbuss til Oslo. Her fikk dei ly hjå Jenny og Fingern samt nokre netter hjå ein tyrkisk skreddar. Vidare vart dei stappa og pressa ned i ein handbagasje-koffert med fly til Bergen før dei kom tilbake til opphavet på Eid. Her har dei fått retta opp i nokre skjønnhets-feil samt fått prikken over i-en. I dag køyrte vi kjolane til ein siste oppfrisking og reins slik at brudekjolen min blir klar om nokre veker.

Her er kjolen, berre synd eg stod litt i vegen...

Eg kan røpe at det er mykje handsaum på kjolen og eg er litt engstelig for at den kanskje ligg i blaut akkurat no. Eg er ikkje verdsmeister i å feste lause trådar, men kryssar fingarar og bein for at det helde. Kjolen er sjølvsagt som alltid i trygge hender.

Denna flotte dama har gjort jobben min lettare, men neste gang er det min tur til å bruke kjolen.

 

No er eg i full gang med brudepikekjolen. Synes det er ekstra kjekt om den matchar min, så legg litt av sjela mi i den også. 

Håpar helga di blir fantastisk fin!

Yes to the dress

Kva tenke du når det er snakk om brudekjoleprøving?

I mitt hovud er det "Yes to the dress"-tendensar. Ein fancy butikk som vert kalla salong, der ein må ta av seg på beina før ein kjem inn. Store kvite lokale med brudekjolar overalt og gjerne ei overdådig lysekrone eller to. Prøveromma er store som gjesterom og bruda får hjelp til alt, frå å feste skoa til å ta kjolen over hovudet. Brudekjole--konsulenten har kvite silkehanskar når ho tar på kjolane med den største forsiktighet. Bruda og hennar nærmaste har gjerne noko godt å leske seg på medan dei sitt i ein vintage fløyelssofa.

I går prøvde eg brudekjolen min for første gang, og det var vel ikkje heilt som beskrive ovanfor. Eg prøvde den i ei bakgate i Tigerstaden hjå ein tyrkisk mann som dreiv renseri og jobba som skreddar. Butikken var full frå topp til tå, litt sko her, litt stoff der, nokre ark her og litt vasketing der. Det var ikkje så mykje kvitt i lokalet, det gjekk mest i bruntonar og burgunder.  På døra hang det ein solbleika 80-tallsplakat frå det tiårets brudekjolar. Heile butikken var kanskje 12 kvadrat og prøverommet tok eit av dei kvadrata. Det var vegg på eine sida, forheng på andre og luftehol på siste kant. Eg fikk kjolen servert i ein gjennomsiktig plastikkpose, med ein ny kaffiflekk og utanfor stod Jenny og den tyrkiske skreddaren med kamerateam på slep.

 Kanskje ikkje ting er så veldig fancy i dette eventyret, men det er vel så bra om ikkje betre. No får eg ein unik kjole proppfull av historie frå Nordfjordeid på 60-talet og til Oslo i notid. Ei lysekrone eller to får ikkje meg til å angre på at eg ikkje valte ein "polyesterhaug frå Kina".

Brudekjoleprøvinga var ein ny og spennande oppleving som eg aldri kjem til å gløyme.

No er eg i gang med sjarmøretappen av kjolesyinga og det går i blonder og perler frå morgon til kveld.

Eg tok dessverre ikkje bilder frå den første prøvinga., men angrar bittert. Heldigvis lev minna og det kjem på nettTV til hausten.

Vaktbikkje

Oslo visar seg frå si beste side i dag. Sola skin og eg sit i parken, slik som dei andre urbane sjelene i Oslo. Det som skil meg frå mengda er kanskje trillekofferten. Mange tenke sikkert at eg har den med for å få god støtte i ryggen her eg sitte, men den gang ei..Den er nemleg fylt opp med brudekjolen min som eg atm voktar med mitt liv.

Så no kosar vi (kjolen og eg) oss i sola før eg vende nasa tilbake til Bergen i kveld. Skal vise sneakpeak og fortelle meir om dagen snart! 



Ha ein flott sommardag! Ser du ei litt forvirra bygdejente med trillekoffert i byn så smilar eg gjerne tilbake!

Svigermors draum?

Skal du halde deg inne med svigermor er det beste tipset å gifte seg i den gamle brudekjolen hennar.



Kvar gong eg seie at eg skal gifte meg i svigermor sin brudekjole assosiera eg det med ein romantisk komedie; ei litt over-ivrig svigermor og eit mareritt av ein brudekjole. Brudekjolen er då gjerne fleire størrelsar for stor og utan sjarm. Dette er heldigvis ikkje tilfelle i denne romantiske komedien for her er det snakk om ei strålande svigermor og ein stilig rein 70-talls brudekjole. 


Eg skal gifte med i bestemor mi, mamma og svigermor sin brudekjole. Det heile starta med ei inspirasjonsbok og no er draumen i ferd med å gå i oppfylling! Gjett om eg gleda meg.
 

Mine kommande svigerforeldre gifta seg 2. april 1977 i Balestrand.

Eg er veldig takknemlig for at eg har fått denne flotte brudekjolen frå det glade 70-tall. Kjolen satt ironisk nok som eit skudd og passa perfekt på meg. Seier kanskje litt om at Anders (sambuaren min) går etter ei som likna på mora?

 

Det betyr mykje for meg å gifte meg i delar av denne brudekjolen.

For det første er det ei ære å kunne føre «tradisjonen» vidare og det er veldig kjekt at kjolen får nytt liv. Men ekstra fint er det at dette kjoleprosjektet står som eit symbol på at to familiar blir "smelta" saman. Til sjuande og sist er det dette bryllaup handlar om.

 

Mi kommande svigermor er ei flott og omsorgsfull dame med pågangsmot og bein i nasa. Ho får til det ho vil og sett andre framfor seg sjølv. Det står det respekt av!

Eg er stolt av at eg får bruke brudekjolen din når eg skal gifte meg med guten din!

Tusen takk for brudekjolen!

Back to the 80`s

I dag har foreldra mine 30-års bryllupsdag, perlebryllaup.


 

Dei gifta seg heime på Eid og brudekjolen til mamma hadde bestemor mi laga. Tenk at om 2 månadar skal eg gifte meg heime på Eid og i nesten den same kjolen.



Mamma og bestemor mi reiste i 1985 til Bergen for å kjøpe stoff og mønster til brudekjolen hennar. Mamma har fortalt meg at det var ein sjølvfølgje at ho skulle ha ein heimelaga brudekjole, det var berre slik. Tenk kor mykje kjekkare det er å kunne lage brudekjolen sin sjølv enn å berre gå inn i en butikk å peike ut. Eg er vertfall strålande fornøgd med at eg får vere med på ei liknande oppleving.



For eit par helge sidan klippa eg i brudekjolen så det er ingen veg tilbake. Men eg kan garantere at kjolen ikkje forsvinn, men blir ein betre utgåve av seg sjølv. Din var perfekt til 80-tallet men den nye blir perfekt til dette år-hundre.

 

 

Gratulerer med bryllaupsdagen mamma og pappa!




Tusen takk for brudekjolen din mamma.

Det betyr mykje for meg å kunne gje den eit nytt liv og starte mitt liv ilag med Anders i same kjole som du gifta deg i.


 

Dette er altså kjole nummer to i brudekjoleprosjektet.

Her kan du sjå og lese meir om den eldste kjolen.

 

Kunne du tenkt deg å gifta deg i brudekjolen til mor di?

 

Drømmekjolen og marerittet

Søndag prøvde eg brudekjolen min. Den er ikkje ferdig enda, men Jenny er komen så langt at eg fikk eit bilde av korleis den blir. Og eg er meir enn fornøgd.

 

Kjolen blir ein mix av bestemor mi, mamma og svigermor sine brudekjolar. Det er litt av eit prosjekt og eg skal ærleg innrømme at eg var litt redd for at det ikkje kom til å sjå ut i måneskin. Her er mareritt eksempelet:


Då eg prøvde kjolen på søndag gjekk det heile opp for meg. Eg har lenge vist at alt skal skje, men det var likevel ein oppkvikkar å få på kjolen. Jenny har til no sydd alt sjølv, men eg har vore med på utforminga av skissene. I helga fikk eg også klippe litt. Den foreløpige planen er at eg skal få ta sjarmøretappen og sy «ferdig» kjolen når den tid kjem.


Eg er veldig spent, men veit no at kjolen blir passe vintage, passe moderne, passe med stæsj i tillegg til å ha ei unik historie og symbolsk betyding.



Håpar søndagen din er fin og at du ladar opp til ei ny veke med nye muligheita. Vi skal ha visning neste veke, så her går det i rydding og nedvask. Eg fikk sneke meg ut for å skrive dette innlegget, men no er det vel på tide at eg bidrar litt til.

Korleis er din søndag? Er du klar for ei ny veke?

 

Stoff-kjøret

Eg skjønnar at ein kan bli avhengig, for så mykje fint stoff som på Rainbow har eg aldri sett maken til.

Det er på Grønland det skjer og dei har alt frå den finaste silke og handsydde perlebroderi til paljettstoff og super-harry pelsstoff.


Trur eg må ta meg ein tur igjen til Oslo for å gå på stoff og perlebutikkar. Her i Bergen må eg vete kva eg skal lage før eg går ut døra, men der kan ein berre gå inn i butikken og så kjem inspirasjonen sigande.



 På Rainbow kjøpte vi eit fantastisk flott stoff fult av perlebroderi. Det er vel det mest sukkersøte stoffet eg har sett, men så skal det jo brukast på «alle klisjears dag». Kva passar vel betre på den finaste bløtkake-kjolen?



 

Har du tips til slike inspirerande butikkar?


God laurdag til deg!

 

Snurrepiperier og snuppedupper

Antikkvarehuset  er ein bortgøymd skatt med mage artige saker og ting aka snurrepiperier.

Vi var på jakt etter vintageblonder frå 60-talet som kunne pynte opp brudekjolen og anna i bryllaupet.

Det fann vi, metervis.


Sidan eg ikkje er vandt med østlandsveir valte eg mys-look istadenfor solbriller.

Eigaren av butikken var ein artig skrue og bad verkeleg på seg sjølv. Vi fikk både ekteskapstips, mange gullkorn, festelige historier og tørrvittige vitsar (må opplevast) på kjøpet.


Etter ein runde i butikken enda vi opp med syntetiske blonder og ein søt hårbøyle.

Typ: "Jeg har slikt å føre, jeg har slikt å gjøre, så eg fører vel den". Den livsfilosofien passar meg i grunnen bra.




Vi bestemte oss for å ikkje bruke blondene frå førre år-hundre på brudekjolen, men eg har ein hemmeleg plan der blondene kjem godt med.


 

Håpar du får ei strålande helg.

Her er det beina på bordet, venninnetid,konsert og nedvask som står for tur.

Perlehumør

Perlehuset var som ein godteributikk med alle perle-sortane du kan drømme om. Merka at eg gjekk i mi eiga boble der inne, heilt blenda av alle fargane og glansen.


Legg merke til dei hypnotiserte blikka...

På perlehuset valte vi ut perler som skal pynte opp brudekjolen. Eg kan røpe såpass at vi kjøpte både blomsterperler, glassperler, kviteperler og hjerteperler.




Eg har ein plan om å skinne om kapp med sola 1.august og då treng ein litt paljettar og stæsj. Om vi brukar alt vil tida vise, men det er alltid greitt å ha perlepynt på lur.


Eg fikk også kjøpt meg nokre frynser og fansy plastpynt som eg tenke å dekorere nokre kjolar med.

Det skal ikkje alltid så mykje til for å pynte opp eit plagg. Ei frynserad så er mykje gjort.

Drømmehelg

Helga har absolutt stått til forventningane og meir til.

 

 Då eg reiste frå Bergen ringte produsenten frå Showbirds for å fortelje om planane for helga. Allereie då kjente eg sommarfuglane i magen og kunne nesten ikkje forstå at det var eg som skulle vere med på det.

 

For eit år sidan tok eg mot til meg for å spørje Jenny Skavlan om tips til brudekjolen min, og i helga laga vi brudekjole saman. For ein drøm, for eit eventyr, for eit fint liv.


 

Etter fly, tog, t-bane og buss på fredag var denne bygdejenta endeleg framme i Tigerstaden og etter ei kort natt var det heile i gang.

Vi byrja tidleg laurdag og det første som møtte meg var Jenny i den nye el-bilen. Eit par timar seinare song vi duett for full hals akkompagnert av  Celin Dion og Beyonce mens vi køyrte gjennom Oslo by.



 

Laurdagen var super og eg fikk verkeleg sjå Oslo frå sine beste sider med Jenny som guide.

Litt synd at retningssansen min er lik null, men moro var det lell.

 

 

 

Det var mang eit latteranfall og mykje festelig som skjedde i helga. Blant anna vart lydmannen tatt for å vere ein vandrande lade-stasjon av Oslos litt tvilsame borgarar. Alt han ville var å lade e-sigaretten sin i lydutstyret.

Kan ikkje klandre han. Kem som helst kunne tenkt at det var mulig?

 

Det har verkeleg vore ei drømme-helg og eg vil fortelje deg alt her på bloggen i nærmaste framtid.

 



 


Klar for Oslo-helg

I kveld reiser eg til Oslo, og gjett om eg gleda meg. Ei helg med bryllaupsførebuingar, brudekjolesying, styling og blomster.

Status no er at eg har kjøpt skoa eg tenker å gifte meg med.

Den kommande brudgommen har for lengs bestilt og fått tilpassa sin smoking, men eg sit her altså med skoa.

Godt eg har eit strålande team i ryggen som hjelp meg med å få verdens finaste og mest symbolske brudekjole. 

Eg håpar eg får eit glimt av den kommande brudekjolen i helga, vertfall delar av den. 

Ser også fram til møte med blomsterdekoratør, "raide" perle og stoff-butikkar, og bli styla og fiksa.

Eg skal gje dokke nokre smakebitar på bloggen etterkvart, så stay tuned.

 God langhelg!

Eit unikt forhold

Den eldste kjolen som skal bli ein del av min brudekjole er mommom (bestemor mi) sin frå 1961.

Mommom i sin sjølvsydde brudekjole i 1961.


Mommom/Alvhild sydde brudekjolen sin sjølv, 20 år gammal.

Kjolen er ikkje typisk for 60-talet, men heller forut for si tid.

Bestemor mi har alltid likt å tenke nytt og brudekjolen er ingen unntak. Med sine unike, delikate blondedetaljar og hand-sydde forseggjorte delar er den heilt spesiell akkurat som ho.

IMG_0055 – Kopi

 Kjolen er i to delar. Eit rosa underskjørt og ein kvit/gjennomsiktig overdel. I utganspunktet var kjolen full av fløyelsblomster men disse har dessverre forsvunne etter fleire tiår i eit skåp.

IMG_1101 – Kopi

 Mommom er mitt store forbilde. Ho har lært meg mykje, men det som sitte mitt hjerte nærmast er trua på at alt ordnar seg og at ein må ta sjansar for å komme framover. Mommom kan ta mykje av æra for at eg er komen dit eg er i dag. Ho støttar meg i alle mine påfunn og jo sprøare dei er, jo betre.

Det fins ingen som er slik som bestemor mi og vi har eit unikt forhold.

Heilt frå mommom fikk høyre om brudekjoleprosjektet mitt har ho vore i ekstase, men det er vel så kjekt for meg at ho er ein stor del av prosjektet.

 Eg er veldig takknemlig og stolt over å få bruke delar av brudekjolen hennar når eg skal gifte meg.

Tusen takk mommom!

Du er ein stor inspirasjon!

IMG_1098 (2) – Kopi

Heilt perfekt

Den andre dagen Jenny og Showbirds besøkte Eid var verkeleg ein draumedag. Kvelden før hadde Jenny teikna nokre skisser og tankar til den kommande brudekjolen min. Berre det er uverkeleg og fantastisk.


Vi snakka litt, teikna litt og såg på ulike løysingar medan vi tok ein kaffi. Etter kvart vart vi sittande igjen med ei skisse som var heilt perfekt! Gleda meg veldig til eg skal til Oslo i mai for å sjå kor langt dei er komen i prosessen og kanskje få sydd litt på min eigen brudekjole.

Foto: Maria Hjelle

 

IMG_1752 – Kopi

Foto: Maria Hjelle

 

Foto: Maria Hjelle

 

Foto: Maria Hjelle

 

 Her kan du lese artikkelen om brudekjoleprosjektet frå lokalavisa Fjordabladet:

Ein draum av ein brudekjole

Storfint besøk

I februar fikk eg endeleg klarsignal for at brudekjoleprosjektet skulle gjennomførast. Etter fleire månadar med venting skulle det endeleg skje. Eg veit ikkje akkurat kva eg tenkte, men vart både letta, spent, glad og overvelda.

Første del i prosessen var at Jenny Skavlan, med regissør, fotograf, lyd-dame og produsent skulle komme til Eid.


Dag 1 gjekk med hyggeleg prat, intervju, lunsj og kaffi. Mamma og pappa vart også intervjua, trur ikkje dei var heilt forberedt på det, men kva gjere man vel ikkje for at odelsdottera skal få drøymekjolen sin? Trur vertfall Max (hunden) var veldig fornøgd, for han fikk sitte i sofaen for første gang. Seie kreative kunstnarsjeler frå Oslo «hopp», så blir det slik.

 Vidare vart eg og Anders intervjua. Lite visste han at han skulle ende opp i dressen som pappa gifta seg i. Har ein følelse av at han lever litt etter «happy wife, hapy life»-prinsippet for tida, men funker for meg!

 Ut på ettermiddagen var vi ein tur til Taklo, der besteforeldra mine bur. Jenny sklei rett inn og vart meir enn godkjend. Mommom som er tidlegare sydame, fann tonen med Oslo-folket med ein gong.

Inspirasjonsboka

Då eg for om lag eit år sidan byrja å klippe ut inspirerande bilde til skisseboka mi hadde eg aldri trudd at det var disse bilda som skulle vere starten på eit brudekjole-eventyr. Eg gleda meg veldig til denne reisa og det beste er at den akkurat har starta.

"Ei brud, tre kjolar"

Eg er så heldig å ha mange inspirerande damer rundt meg. Tre av dei har gitt meg brudekjolen sin og disse tre kjolane skal til saman bli min brudekjole. Eg skal gifte meg i brudekjolen til mamma, mommom (bestemor) og svigermor.

Les meir om prosjektet på jennyskavlan.com!

Med på laget har eg sjølvaste Jenny Skavlan, ganske uvirkelig igrunn, men slik er det blitt. Trur eg er verdens heldigaste kommande brud.

Foto: Maria Hjelle

 Tre kjolar frå kvart sitt tiår, 60, 70 og 80 talet, skal bli til min brudekjole.  Tre kjolar frå tre vellykka ekteskap skal bli min brudekjole. Tre kjolar brukt av tre fantastiske damer skal bli min brudekjole.

Ein stor draum er i ferd med å bli verkeleg!

Framover skal eg vise fram alle dei tre kjolane her på bloggen og i sommar kan du sjå ein kortfilmserie om prosjektet på jennyskavlan.com.

Alle gode ting er tre

Bilde frå jennyskavlan.com

Under gjenbruksdagane  i Bergen var Jenny Skavlan og Showbirds tilstades. Dei tok seg tid til ein liten prat og dermed var brudekjoleeventyret i gang for fult.


Ønske mitt er å ha ein unik brudekjole med ei veldig symbolsk betyding.

Jenny Skavlan er ei av dei som skal hjelpe meg med å realisere denne drømmen med utgangspunkt i tre brudekjolar frå tre ulike tiår, tre inspirerande damer og tre vellykka ekteskap. Denne prosessen kan du følgje her og i ein serie kortfilmar på jennyskavlan.com.


Buksedress- NEW LOOK / Jakke, heimestrikka med eit "gammalt" jakkefòr.


Det var ein gong

Eventyrbryllaup byrja ofte med eit frieri, men i mitt tilfelle var starten på eventyret ei kreativ og inspirerande bestemor, to heimelaga brudekjolar og eit bildeoppslag av Jenny Skavlan i Se og Hør.


I mai 2014 var eg så heldig å møte Jenny Skavlan i forbindelse med ei framvisning av bikinikolleksjonen hennar.  Ho er verkeleg ei fantastisk, dyktig og kreativ dame, med ei utstråling og karma eg ikkje har sett maken til. Eg viste ho inspirasjonsboka mi og fortalde tanken bak brudekjolen min.

For å oppsummere starten på bryllaupseventyret så endte ein tur til Åsane for å sjå på bikiniar, med eit brudekjolesamarbeid.

 


Det bør nemnast at eg og kjærasten min hadde snakka om og delvis planlagt bryllaup i august 2015. Men det er ikkje å legge under ein stol at han fikk litt ekstra press på å fri når bryllaupskjoleplanlegginga alt var i gang. Så det neste store som skjedde i dette eventyret var frieri fra min favoritt-fyr 16.juni 2014.


 Til sommaren kan du sjå heile bryllaupskjoleprosessen på NETT-TVher: Jennyskavlan.com

.