hits

Glitter og gufs vart til genser

27.12.2015 - 16:04 5 kommentarer

Aasegensaren byrja som rabling på hytta ein fredagskveld. Med inspirasjon frå ferske moteblad, dagens 70-talsstil, ein forkjærleik for alt som glitrar og ein litt kald gufs.

I haust laga eg og mamma Aasegenseren (frå skisse til ferdig genser). Det fine med denne (og alle v-genserar) er at ein lett kan bruke dei på ulike måtar. Ein kan bruke dei bak-fram med v-halsen i ryggen. Ein kan feste eit snøre i sikksakk eller sløyfe heile genseren. Du kan også sy på blonder i utringinga. Prøv deg fram!









Aasegensaren er relativt lett å lage. Hakket vanskelegare enn skappelgensaren grunna V-halsen, men det klarar du! 

 

 Eg ynskja meg ein unik gensar, med fine detajar. Eg viste teikninga til mamma og vi tok nokre mål. Etter eit par forsøk var gensaren god som gull (bokstaveleg tala).Favorittgensaren vart raskt tatt i bruk. Komplementa straumde på og nokre spurde om oppskrifta. Vi gjekk nokre rundar med oss sjølve, for ingen av oss hadde skrive "strikkemønster" før. Mamma var opptatt at det skulle vere veldig nøyaktig og eg opptatt av at det skulle vere ei oppskrift som alle kunne forstå. Heilt utan forkortingar og merkelege bokstavar.

Det fine med Aasegensaren er mellom anna at du får eit unikt plagg som ingen andre har akkurat maken til, slepp å fryse i vinterkulda og du er med på moten (for strikking er vel også blitt ganske trendy?).Du kan kombinere den med ein polo, singlet eller skjorte, alt etter humør og veir. 

 

Oppskrifta til Aasegenseren finn du her eller i Kamille nr 1 , 2016(sjå side 15).





Lykke til!

5 kommentarer

lisarorvik

27.12.2015 kl.16:12

Den var kjempe fin :) (Ukens blogg konkurranse på min blogg nå, bli gjerne med)

Anita

29.12.2015 kl.01:32

Kjempeflott! Hvor lang tid tok det å lage genseren?

Synnøve Oddny Torheim

29.12.2015 kl.10:02

Kjekt å følgje den fine bloggen din Anne Malin!

Anne-Malin

30.12.2015 kl.16:32

Synnøve Oddny Torheim: Hei! Så hyggelig! Kjekt at du følger med! Godt nytt år!

Anne-Malin

30.12.2015 kl.16:34

Anita: Hei! Det spørs kor fort du strikkar ;) Men eit par kveldar må du rekne. Håpar du prøvar deg på den! Gje ein lyd om du treng hjelp og vis meg gjerne resultatet! :-) Godt nytt år!

Skriv en ny kommentar