hits

Alle skal få (sjå)

11.09.2015 - 18:54 4 kommentarer
Det var ein gong, for ikkje så veldig lenge sidan, at Askepott fikk store draumar oppfylt.


Foto: Martin Handlykken

Askepott kom frå ein stad langt, langt borte, ja for nokre kanskje lenger enn langt. På denne vesle staden var ho berre ein fergetur unna Askeladden, som seinare viste seg å vere draumeprinsen.

Etter nokre år klarte han å målbinde henne og det skulle feirast bryllaup. 

Askepott hadde ein tanke om den perfekte brudekjolen, men korkje snakkande fuglar eller magiske nøtter for å lage den.

(Sjå frå 1.min ut i filmen under.)

20DF6U1HcGQ

Film frå filmweb.no

 

Askepott derimot, hadde tre kvinnelege forbilde. Tre damer i nær familie som berre ville ho godt. Desse inspirerande damene hadde tre brudekjolar med tre unike historier. Draumen til den vordande bruda var å "sy" kjolane, familiane og historiene saman (bokstaveleg og biletleg talt).






Askepott trudde lenge at draumen ikkje kunne bli verkeleg og at ho måtte ende opp i ein polyesterhaug frå Kina på den store dagen.

Men den gang ei.

Då alt såg mørkt ut kom den gode feen , som ein frisk pust i ei sky av blonder og glitter.  Askepott manna seg opp og ba fint om råd. Askepott såg seg fornøgd med det. Ho visste ikkje at dette berre var byrjinga.

Den gode feen ville hjelpe Askepott. Det eine førte til det andre og Askepott fikk seg ei reise ho aldri vil gløyme.






Eg kan ikkje avsløre alt. Men også dette eventyret enda på tradisjonelt vis, sjølv utan glassko og gresskar.

I eventyrets ånd kan du sjå denne historia på snart nett! 

 Nett-tv serien om brudekjolen blir lansert i september!

 

Følg med her, på side2.no og jennyskavlan.com.

4 kommentarer

Ida

21.10.2015 kl.00:29

Hei. Kan du legge ut en link til serien?:-) Eg finne den ikkje

Anne-Malin

24.10.2015 kl.17:18

Ida: Hei! Så snart serien er ute kjem linken. Det har desverre vore nokre hinder på vegen. Ventar i spenning sjølv!
God helg!

Ida

16.11.2015 kl.18:20

Ok, takk! Gler meg veldig til å sjå:-)

Anne-Malin

19.11.2015 kl.19:27

Ida: Så kjekt! :-) Eg fikk melding i dag om at dei veit meir om kort tid!

Skriv en ny kommentar