hits

Med tungt hjarte....

24.08.2015 - 07:32 2 kommentarer

Det gjekk så fort over, eg hadde håpt at vi skulle halde ut litt lenger, men no er det for seint å snu.


Helga har tatt på. Eg veit ikkje om graset er grønare på den andre sida, men det er dessverre berre ein måte å finne det ut på.

Vi har delt mange gleder og sorger det siste tiåret, men visste vel heile tida at glansdagane måtte ta slutt ein dag. Det kom berre litt brått på, vertfall for min del.

Det heile starta som ein sommarflørt etter vidaregåande. Ung og lovande fikk vi mange felles vener, fine stunder og vart betre kjendt på godt og vondt.

Opp gjennom åra har det blitt ein del våkennetter på grunn av usikkerhet, men mest grunna festleg lag. Tross mange felles interesser, lik humor og fysisk tiltrekning har vi glidd gradvis frå kvarandre.


 
Du har vist deg frå mange gode side, men vi har også hatt ein del regntunge dagar. Du har lært meg og deg, å kjenne. Vi har vokse saman, men eg har fått augene opp for ein anna. Det byrja som ein usyldig tanke, men gjekk over til å bli meir seriøst i sommar. Eg er veldig lei meg, men måtte ta eit val.


Det er ikkje deg, det er meg... Vi treng litt tid, litt albuerom frå kvarandre, ein pause. Du skal vete at dei gode minna alltid vil vere her. Håpar vi framleis kan vere vennar, kanskje litt meir enn vennar av og til...

No er ein æra over for denne gang, men vi sjåast igjen.

Bergen, du vil bli savna...

2 kommentarer

susanne

24.08.2015 kl.08:32

Bergen og jeg vil savne deg mer <3

Anne-Malin

25.08.2015 kl.21:05

susanne: <3

Skriv en ny kommentar