hits

Yes to the dress

01.07.2015 - 16:09 6 kommentarer

Kva tenke du når det er snakk om brudekjoleprøving?

I mitt hovud er det "Yes to the dress"-tendensar. Ein fancy butikk som vert kalla salong, der ein må ta av seg på beina før ein kjem inn. Store kvite lokale med brudekjolar overalt og gjerne ei overdådig lysekrone eller to. Prøveromma er store som gjesterom og bruda får hjelp til alt, frå å feste skoa til å ta kjolen over hovudet. Brudekjole--konsulenten har kvite silkehanskar når ho tar på kjolane med den største forsiktighet. Bruda og hennar nærmaste har gjerne noko godt å leske seg på medan dei sitt i ein vintage fløyelssofa.

I går prøvde eg brudekjolen min for første gang, og det var vel ikkje heilt som beskrive ovanfor. Eg prøvde den i ei bakgate i Tigerstaden hjå ein tyrkisk mann som dreiv renseri og jobba som skreddar. Butikken var full frå topp til tå, litt sko her, litt stoff der, nokre ark her og litt vasketing der. Det var ikkje så mykje kvitt i lokalet, det gjekk mest i bruntonar og burgunder.  På døra hang det ein solbleika 80-tallsplakat frå det tiårets brudekjolar. Heile butikken var kanskje 12 kvadrat og prøverommet tok eit av dei kvadrata. Det var vegg på eine sida, forheng på andre og luftehol på siste kant. Eg fikk kjolen servert i ein gjennomsiktig plastikkpose, med ein ny kaffiflekk og utanfor stod Jenny og den tyrkiske skreddaren med kamerateam på slep.

 Kanskje ikkje ting er så veldig fancy i dette eventyret, men det er vel så bra om ikkje betre. No får eg ein unik kjole proppfull av historie frå Nordfjordeid på 60-talet og til Oslo i notid. Ei lysekrone eller to får ikkje meg til å angre på at eg ikkje valte ein "polyesterhaug frå Kina".

Brudekjoleprøvinga var ein ny og spennande oppleving som eg aldri kjem til å gløyme.

No er eg i gang med sjarmøretappen av kjolesyinga og det går i blonder og perler frå morgon til kveld.

Eg tok dessverre ikkje bilder frå den første prøvinga., men angrar bittert. Heldigvis lev minna og det kjem på nettTV til hausten.

6 kommentarer

Blir spennende å se på dere på NettTV da.:)

Anne-Malin

01.07.2015 kl.22:10

Maren Helgemo: Hei! Ja, det er eg også veldig spent på :-)

Madeleine

02.07.2015 kl.19:49

fin blogg jeg ville satt stor pris på om du kunne tatt en titt innom bloggen min♡

Bente

03.07.2015 kl.08:34

Gledar meg masse te å sjå resultatet!! Blir spennande å sjå serien og :D Eg eeelska brudekjolar altså ;) hehe. Du og Jenny er så utruleg fine begge to! Radarpar ;)

Anne-Malin

03.07.2015 kl.18:57

Bente: Hehe:-) Hyggelig å lese Bente! God helg :-)

Anne-Malin

03.07.2015 kl.18:57

Madeleine: Hei! Det kan eg veit du :-)

Skriv en ny kommentar