hits

Back to the 80`s

08.06.2015 - 17:03 10 kommentarer

I dag har foreldra mine 30-års bryllupsdag, perlebryllaup.


 

Dei gifta seg heime på Eid og brudekjolen til mamma hadde bestemor mi laga. Tenk at om 2 månadar skal eg gifte meg heime på Eid og i nesten den same kjolen.



Mamma og bestemor mi reiste i 1985 til Bergen for å kjøpe stoff og mønster til brudekjolen hennar. Mamma har fortalt meg at det var ein sjølvfølgje at ho skulle ha ein heimelaga brudekjole, det var berre slik. Tenk kor mykje kjekkare det er å kunne lage brudekjolen sin sjølv enn å berre gå inn i en butikk å peike ut. Eg er vertfall strålande fornøgd med at eg får vere med på ei liknande oppleving.



For eit par helge sidan klippa eg i brudekjolen så det er ingen veg tilbake. Men eg kan garantere at kjolen ikkje forsvinn, men blir ein betre utgåve av seg sjølv. Din var perfekt til 80-tallet men den nye blir perfekt til dette år-hundre.

 

 

Gratulerer med bryllaupsdagen mamma og pappa!




Tusen takk for brudekjolen din mamma.

Det betyr mykje for meg å kunne gje den eit nytt liv og starte mitt liv ilag med Anders i same kjole som du gifta deg i.


 

Dette er altså kjole nummer to i brudekjoleprosjektet.

Her kan du sjå og lese meir om den eldste kjolen.

 

Kunne du tenkt deg å gifta deg i brudekjolen til mor di?

 

10 kommentarer

Maren Susanne

08.06.2015 kl.17:48

For ei nydelig kjole!

Jeg drømmer om en lik kjole som min oldemor hadde. En klassisk kjole til knærne i gul-hvitt stoff!

Catherina

08.06.2015 kl.22:48

Nå manglet det bare mitt navn, Anne Malin:P Det blir spennende å se ferdig resultat!! Jeg gleder meg:D Du er flink!

Anita Sørland Aase

09.06.2015 kl.00:03

Det er så kjekkt (og ei store ære) at du vil bruke noko av brudekjolen min Anne-Malin og at Jenny vil være med på å gje den eit "nytt liv". Det er litt av eit kjole-eventyr du tar oss med på. Vi gler oss ilag med dåkke og til bryllaupet til Anders og deg.

Anne-Malin

09.06.2015 kl.19:43

Catherina: Hei! Eg og er veldig spent på det ferdige resultatet. Takk for hyggelig tilbakemelding. Kjekt at du følger med!

Anne-Malin

09.06.2015 kl.19:44

Maren Susanne: Den høyrast veldig fin ut. Veit du om den originale kjolen er å oppdrive? :-)

Anne-Malin

09.06.2015 kl.19:45

Anita Sørland Aase: Ja vi har mykje å sjå fram til!

Maren Susanne

09.06.2015 kl.21:07

Sv, gjør dessverre ikke det, når dette var ei kjole hun leide. :/

Anne-Malin

10.06.2015 kl.19:15

Maren Susanne: Kjedelig, men det går ann å leite etter vintagekjolar på nett eller i butikk som liknar, for så å tilpasse. Ingenting er umulig, det umulige tar berre litt lenger tid ;-)

Silje

12.06.2015 kl.22:45

Trur dette kjem til å bli kjempefint! :) Eg blir så glad av å lese slike historier, og det er kanskje særskilt fordi eg gjorde det same sjølv: for to veker sidan gifta eg meg i den kjolen mamma brukte trettitre år og ein dag før meg. Fekk sydd den litt om for å gjere den litt meir moderne og meir tilpassa meg, men likevel så er det jo mamma sin kjole. Den kjensla over å kunne bruke noko om igjen, sjølv med ein ny vri, er for meg noko heilt spesielt :)

Anne-Malin

13.06.2015 kl.15:41

Silje: Hei Silje! Så kjekt og spennande. Eg tok meg ein tur innom bloggen din og brudekjolen din var veldig flott. Eg er heilt einig med deg, det er noko spesielt meg gjenbruk :-)

Skriv en ny kommentar