hits

Drømmekjolen og marerittet

31.05.2015 - 14:17 6 kommentarer

Søndag prøvde eg brudekjolen min. Den er ikkje ferdig enda, men Jenny er komen så langt at eg fikk eit bilde av korleis den blir. Og eg er meir enn fornøgd.

 

Kjolen blir ein mix av bestemor mi, mamma og svigermor sine brudekjolar. Det er litt av eit prosjekt og eg skal ærleg innrømme at eg var litt redd for at det ikkje kom til å sjå ut i måneskin. Her er mareritt eksempelet:


Då eg prøvde kjolen på søndag gjekk det heile opp for meg. Eg har lenge vist at alt skal skje, men det var likevel ein oppkvikkar å få på kjolen. Jenny har til no sydd alt sjølv, men eg har vore med på utforminga av skissene. I helga fikk eg også klippe litt. Den foreløpige planen er at eg skal få ta sjarmøretappen og sy «ferdig» kjolen når den tid kjem.


Eg er veldig spent, men veit no at kjolen blir passe vintage, passe moderne, passe med stæsj i tillegg til å ha ei unik historie og symbolsk betyding.



Håpar søndagen din er fin og at du ladar opp til ei ny veke med nye muligheita. Vi skal ha visning neste veke, så her går det i rydding og nedvask. Eg fikk sneke meg ut for å skrive dette innlegget, men no er det vel på tide at eg bidrar litt til.

Korleis er din søndag? Er du klar for ei ny veke?

 

6 kommentarer

Anette

31.05.2015 kl.16:37

Den blir sikkert utrolig fin!

Ha en riktig fin søndag <3

Ida

31.05.2015 kl.17:21

Spennende!! Gleder meg til å se deg i det som helt garantert blir en fantastisk kjole 😄 😘

Anne-Malin

02.06.2015 kl.20:35

Ja, blir veldig spennande, men eg har ein meget gor magefølelse ;-)

Anne-Malin

02.06.2015 kl.20:36

Anette:
Takk i like så! Hyggelig at du la igjen ein kommentar. Btw, så flott blogg du har :-)

Inger

15.06.2015 kl.19:21

Hvor er jumpsuiten din fra :) ?

Anne-Malin

15.06.2015 kl.23:07

Inger: Hei Inger! Det er faktisk bukse og topp :-) Eg kjøpte det på Selected, men merket er ONLY :-)

Skriv en ny kommentar