hits

Splitter gammal sekk

13.04.2015 - 17:34 Ingen kommentarer

Old School, men god som ny.

 Mamma er veldig flink til å ta vare på ting, så når eg var heime i påska fann ho fram min første skulesekk frå 1995.

Eg vaska den,  sydde nye reimar i skinn, tok vekk unødvendig polstring og bytta ut den gamle snora med silkeband.

Etter ein liten makeover var den tjue år gamle sekken nesten god som ny.

Min første skuledag i 1995

Trur eg er like fornøgd med sekken no som den gang


Alt som skulle til var ein vask, litt skinn og silkeband.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar